Generelle vilkår for privatabonnement - internett-breiband m.m. Gjeld for nye kundar frå 15.09.2020, for eksisterande kundar frå 20.10.2020

Som abonnent av internett-breiband produkt frå Enivest AS må du rette deg etter vilkåra i denne abonnementsavtalen, og seinare oppdateringar av vilkåra på www.enivest.no. (samla, Avtalen). Di avtale med Enivest omfattar desse generelle leveransevilkår og særskilde avtale- og tenestevilkår. I tilfelle av motstrid gjeld særskilde vilkår framfor desse generelle vilkåra.

Vilkår du bør vere særleg kjent med:

  • Samtykke til behandling av opplysningar som ikkje er nødvendig for gjennomføring av avtalen framgår av eige samtykkeskjema. Det er frivillig å gje samtykke. Sjå pkt. 2.
  • Om du (på eige samtykkeskjema) har takka ja til levering før angrefristen har gått ut, vil du bli belasta kostnader for tenester som er levert, sjølv om du seinare brukar angerretten. Sjå pkt. 3 d).
  • Særlege kostnader til graving eller gebyr kan komme til om du ikkje sjølv har gravd eller førebudd deg, slik at Tenestea kan etablerast. Beløpa, som kan bli store, finn du i pkt. 18. (www.enivest.no/kundesenter/tilleggsprodukt-og-tenester). Sjå pkt. 3 f) og g).
  • Enivest får rett til å føre kablar over din eigedom til fordel for andre kundar, og vedlikehalde desse. Retten består også etter at kundeforholdet er over. Sjå pkt. 7 g).

1. Generelt

a) Avtalen gjeld for internettsamband for ein bestemt husstand (Tenesta) som blir levert av Enivest AS (Enivest/vi/oss) til deg som kunde og sluttbrukar (deg/du) når du er forbrukar. Omgrepet ”husstand” omfattar ikkje bedrifter. Avtalen gjeld uansett om internettsambandet er levert over fiber, xDSL, radio eller annan teknologi.

b) Tenesta du skal ha er merke av på bestillingsskjemaet eller avtalt på anna vis. Det nærare innhaldet av Tenesta går fram av produktark, ordrebekreftelse frå Enivest og/eller på internettsidene våre (enivest.no).

c) Avtalen gjeld også for tilleggstenester som du bestiller frå Enivest. For tilleggstenester gjeld også særskilte vilkår. Sjå punkt 15-16 og separate vilkår.

d) Det er ein føresetnad for tilgang til Tenesta at du har avtale om tilknyting med Enivest, at avtala ikkje er misleghalden, og at det føreligg kapasitet og tilgang til å levere Tenesta. Om det ikkje er kapasitet eller tilgang, eller slik ikkje kan skaffast utan særleg stor kostnad, er vi begge frie frå Avtalen.

e) Vårt ansvar for Tenesta omfattar: i) linja frå vår sentral fram til og med heimesentralen (ruter) hos deg levert av oss; ii) TV-dekodar levert av oss; og iii) tilgangspunkt for Premium WiFi.

f) Vårt tenesteansvar omfattar ikkje kablar mellom heimesentralen og TV-dekodar, eller trådlaust samband mellom heimesentralen og TV-dekodar.

2. Personvern og kommunikasjon

Enivest handsamer dine personopplysningar, inkludert trafikkdata og signaleringsdata nytta til overføring av data. For kundeadministrasjon, fakturering og annan gjennomføring av Avtalen handsamer vi også namnet og telefonnummeret ditt, adressa og e-postadressa di, IP-adresse og gards- og bruksnummer. Datahandsaminga skjer i samsvar med våre til ei kvar tid gjeldande retningslinjer for datahandsaming, og med lovgrunnlag. Retningslinjene finn du på enivest.no/personvern. I eit eige samtykke framgår kva for kommunikasjon vi kan ha med deg. Det kan vere informasjon og reklame for tenester vi tilbyr, på e-post, SMS, Mi side, brev og andre kanalar der vi kan nå deg.

3. Bestilling. Avbestilling. Angrerett

a) Berre personar over 18 år kan inngå Avtalen. Dersom brukaren av Tenesta er under 18 år, blir den føresette som har signert Avtalen eller gjort bestillinga abonnent. Berre ein person innan ein husstand eller eit bufellesskap kan vere abonnent på tenester frå Enivest.

b) Vi vil foreta ei kredittvurdering av deg. Basert på kredittvurderinga kan Enivest avslå avtale om, eller krevje endring av Tenesta, eller krevje førehandsbetaling før levering av Tenesta.

c) Bestilling av abonnement og tenester via internett, skriftleg eller på telefon med Enivest eller ein av Enivest sine forhandlarar, blir rekna som ein aksept av Avtalen. Dersom du tar i bruk tenester frå Enivest utan at det er inngått nokon avtale, vil dette bli sett på som ein aksept av Avtalen.

d) Dersom du har bestilt tenester ved oppsøkande sal (telefonsal, dørsal, messesal el.l.) har du i samsvar med angrerettlova i utgangspunktet rett til å gå frå avtalen kostnadsfritt (angrerett) ved å gi Enivest melding om dette innan 14 dagar etter Avtalen er inngått. Dersom du derimot uttrykkeleg ber om at levering skal skje før angrerettsperioden har løypt ut, vil du bli belasta for leverte tenester. Enivest vil då dekke kostnaden med å returnere levert utstyr. Abonnentar som har bestilt på annan måte eller er utanfor angrerettsperioden, må sjølve dekke kostnader med retur av mottatt utstyr.

e) Dersom du avbestiller etter angrefristens utløp, men før Tenesta er starta opp, kan du gå frå Avtalen mot å betale eit avbestillingsgebyr. Sjå pkt. 4 nr. i) for detaljar.

f) Dersom du har avtalt med Enivest at du sjølv skal grave eller førebu deg på annan måte på eigen eigedom, er du pliktig til å ferdigstille gravinga eller førebuingane innan gitt tidsfrist. Dersom graving eller annan førebuing ikkje er utført innan fristen går ut, må du dekke våre kostnader om vi får jobben utført. Sjå pkt. 4 i) for detaljar.

g) Dersom Enivest på bakgrunn av di bestilling har grave fram til din eigedom, men eigen graving eller førebuing ikkje har skjedd, slik at Tenesta ikkje kan bli levert , blir dette rekna som ei avbestilling. Du vil då bli fakturert for vår kostand for gravearbeidet som er utført. Sjå pkt. 4 nr. i) og 18 for detaljar.

4. Prisar, betaling og gebyr

a) Prisane for Tenesta og tilleggstenester framgår av Enivest sine til ei kvar tid gjeldande prislister. Prislista er tilgjengeleg på www.enivest.no/kundesenter/tilleggsprodukt-og-tenester.

b) Vederlaget for Tenesta blir berekna frå det tidspunkt Enivest har aktivert Tenesta. Administrasjons- og fakturagebyr påløper etter til ei kvar tid gjeldande satsar. Sjå punktet ovanfor.

c) Betaling for abonnement forfell til betaling forskotsvis pr. kvartal, om ikkje anna er avtalt. Eventuelle seinare bestilte tenester blir innkravd ved utferding av neste faktura for Tenesta.

d) Du er juridisk ansvarleg for abonnementet, sjølv om det skulle vere ein annan part som tar imot Tenesta og/eller betaler faktura.

e) Ved manglande betaling for Tenesta eller andre produkt/ tenester frå Enivest vert ubetalte fakturaer automatisk sendt til inkasso og Tenesta vert stengd. For sein betaling fører til rentekostnadar i høve til ei kvar tid gjeldande forseinkingsrentelov. Tenesta vil bli opna på nytt etter at alle krav, saksomkostningar og opningsgebyr er innbetalt. Du får ikkje frådrag i abonnementsavgifta for den tid Tenesta har vore stengd som følge av manglande betaling.

f) Enivest kan endre prisar med ein månads varsel. E-post eller faktura med opplysning om ny pris for tenesta gjeld som varsel.

g) Pris i bindingstida er fast. Prisendring kan likevel skje innanfor avtalt bindingstid dersom offentlege skattar eller avgifter, private eller offentlege programavgifter, opphavsrettslege avgifter eller andre avgifter eller kostnader utanfor Enivest sin kontroll vert auka.

h) Avtalte prisar kan justerast 1. januar kvart år utan varsel, med endringar i konsumprisindeksen til Statistisk sentralbyrå frå januar føregåande år.

i) Gebyr. Gebyr for avbestilling, graving og anna framgår av www.enivest.no/kundesenter/tilleggsprodukt-og-tenester. Ved inngåing av Avtalen gjeld gebyra i punkt 18.

5. Bindingstid og oppseiing

a) Om ikkje anna er skriftleg avtalt gjeld 12 månaders binding for Tenesta frå første gongs levering. Sjå bestillinga di.

b) Du kan endre til anna produkt mot å bli fakturert for endring og nytt produkt. Differansen i pris vil bli fakturert/kreditert på neste faktura. Ved utviding av Tenesta, gjeld ny bindingstid på 12 månader for heile Tenesta. Ved kjøp av tilleggstenester vil ikkje bindingstida for Tenesta verte overført til eventuelle tilleggstenester. Eventuell bindingstid for tilleggstenesta regulerast av produktvilkåra.

c) Du kan seie opp abonnement med ein månads skriftleg varsel rekna frå utløpet av månaden. Oppseiingsfristen startar uansett ikkje før ved utløp av bindingstida. Om du seier opp før bindingstida er gått ut eller flyttar til ei adresse der Tenesta ikkje kan bli levert , blir du belasta for vederlag og gebyr utbindingstida etter dei til ei kvar tid gjeldande satsar. Sjå pkt. 18.

d) Bindingstida gjeld ikkje dersom du seier opp som følge av at Enivest gjer endringar på innhald i Tenesta eller endrar prisar eller vilkår til di ulempe, og dette skuldas forhold innanfor Enivest sin kontroll. Sjå pkt. 13.

e) Ved oppseiing av Avtalen vert ikkje etableringsgebyr refundert.

f) Oppseiing av Tenesta gjeld også for eventuelle tilleggstenester. Avslutting av abonnementet vil verte utført med omsyn til bindingstid.

6. Hastigheit og trafikkstyring

a) Du får tilgang til Enivest sitt breiband med kapasitet i samsvar med ordrebekreftelsen eller anna avtale mellom Enivest og deg om tilknyting til internett.

b) Enivest kan ikkje garantere mot hastigheitsavgrensingar forårsaka av forhold utanfor Enivest sin kontroll. Enivest tar atterhald om at forhold av teknisk art i nettet kan føre til at det ikkje alltid er mogleg å levere den maksimale hastigheita som er oppgitt for Tenesta. Til dømes kan den opplevde hastigheita blant anna bli påverka av forhold som WiFi-dekning, bruk av eldre datamaskiner, fleire einingar på same breibandslinje, besøk på nettstader med mykje trafikk og liknande. Sidan ein del av kapasiteten blir nytta til kontrollinformasjon kan reell nedlastingshastigheit vere noko mindre enn oppgitt i spesifikasjonane for produktet. Overføringshastigheit utanfor Enivest sitt nett og vidare ut på internett, er utanfor Enivest sin kontroll og det må påreknast lågare hastigheit.

c) Dersom det i særskilte områder viser seg å vere problem med å oppnå den oppgjevne kapasiteten, vil Enivest foreta nødvendige oppgraderingar for å avhjelpe desse problema.

d) Enivest skal sikre at trafikkstyringa i nettet oppfyller dei krava som er fastsett i ekomlovgivinga. Enivest prioriterer enkelte datatypar føre andre. Dette gjeld blant anna tidskritiske tenester og andre spesialiserte tenester. Enivest blokkerer trafikk etter pålegg frå myndigheitene eller dersom trafikken innebere einsikkerheitsrisiko for brukarane.

7. Leveranse

a) Enivest skal søke, men er ikkje pliktige til, å levere samband til abonnentar som har moglegheit for tilknyting til Enivest sitt fibernett. Enivest kan ikkje garantere leveranse dersom det er ytre påverknader eller lokale forhold som hindrar installasjon. Det same gjeld om kostnadane for leveransen blir uventa høg, for den enkelte bustad eller for heile området. Enivest er heller ikkje pliktig til å levere der seinare endringar hindrar vidareføring av abonnementet. Om Tenesta ikkje kan bli levert, vil Avtalen seiast opp utan kostnad for deg så framt du ikkje er ansvarleg for dette sjølv. Sjå pkt. jf. pkt. 3 og 4.

b) Dersom det oppstår tekniske problem med leveranse eller overføring av abonnement, og Enivest med rimelege midlar ikkje kan utbetre problema, kan Enivest seie opp Avtalen. Ved oppseiing frå Enivest grunna manglande moglegheit til leveranse av bestilt produkt, blir du ikkje fakturert. Dette føreset at du underrettar Enivest om manglar ved Tenesta innan 14 dagar etter forventa leveranse. Dersom meldinga di kjem etter dette og Tenesta ikkje kan bli levert, er du pliktig til å betale abonnement fram til du underrettar Enivest om manglane.

c) Leveransetid på kvar enkelt teneste vert avtalt særskilt mellom Enivest og deg. Spesielle forhold på linja, manglande montørressursar hos underleverandør, arbeid i noden (breibandsentralen) og anna som er utanfor Enivest sin kontroll kan i enkelte tilfelle føre til lengre leveringstid. Avtala tid er å ansjå som estimert og ikkje garantert tidspunkt.

d) Enivest sitt utstyr skal monterast av Enivest eller av Enivest sin underleverandørar. Montør må ha fri tilgang til tilknytingspunktet. Enivest har full rett til nødvendige installasjonar og linjeføring på, i og gjennom din eigedom. Montøren tar direkte kontakt med deg for å avtale tid for montering.

e) Du skal informerast før inngrep på eigedommen blir gjort, og du har rett til å uttale deg før installasjonen blir gjennomført. Dersom du ønsker annan installasjon enn det som er teknisk mogleg eller hensiktsmessig for Enivest, kan Enivest krevje at du dekker tilleggskostnadane. Du kan ikkje krevje kompensasjon for ulemper etter montering eller demontering av utstyret. Du må sjølv koste framføring og levering av straum (230V), der dette er nødvendig for installasjon og drift.

f) Arbeid utover montering av heimesentral (oppsett av privat datautstyr, kabling innomhus som ikkje er nødvendig for montering av heimesentral o.a.) er ikkje inkludert i monteringa og må avtalast direkte mellom deg og montør, og vert belasta deg.

g) Enivest har rett til å framføre luft- eller jordkabel for sitt kabelnett fram til andre abonnentar eller eigedommar frå og/eller over din eigedom og bygningar, om framføringa ikkje er til vesentleg ulempe. Det same gjeld og tilgang til eigedom og bygningar for å utføre service og vedlikehald på kabelnettet. Enivest må varsle deg i rimeleg tid før arbeid tar til. Enivest skal, så langt det er rimeleg, følge ditt ønske med omsyn til framføringa og istandsetting av areala etter slik framføring. Du kan krevje vederlag for slik framføring, men berre dersom denne er til særleg belastning for din eigedom. Rett til kabelføring og tilgang for service og vedlikehald følger eigedommen, og skal bestå sjølv om kundeforholdet mellom deg og Enivest blir avslutta.

8. Endring og flytting av abonnement

a) Du kan ikkje overdra Avtalen eller abonnementet utan skriftleg godkjenning frå Enivest.

b) Adresseendring og andre endringar som verkar inn på kundeforholdet må meldast til Enivest så snart som mogleg. Dersom adresseendring ikkje vert meldt, er du ansvarleg for tap som måtte oppstå som følge av feiladressert post eller andre meldingar frå Enivest.

c) Dersom du flyttar til annan bustad innanfor Enivest sitt dekningsområde for fiber, kan du få flytta sambandet ditt mot å betale flyttegebyr. Flytting kan føre med seg ny bindingstid. Dersom den nye adressa er utanfor Enivest sitt dekningsområde eller det ikkje er tilknytt fiber til husværet, er Enivest ikkje forplikta å flytte sambandet, og det vil bli rekna som ei oppseiing. Sjå pkt. 5. Flytting kan medføre endra vederlag. Flytting må meldast i god tid for at Enivest kan få utført jobben til ønskt tid. Det må reknast like lang leveringstid ved flytting som ved nyleveranse. Du kan ikkje krevje frådrag i fastavgift for den tida Tenesta er utilgjengeleg som følge av flytting.

9. Eigarforhold og ansvar for utstyr

a) Enivest har eigedomsrett til alle faste og lause installasjonar som Enivest monterer i nettet, og til utstyr som blir plassert ute hos deg eller sendt deg frå Enivest. Med utstyr meiner ein heimesentral (ruter), dekodar, programkort eller anna kommunikasjonsutstyr, som ikkje er klart avtalt at du har kjøpt og betalt for.

b) Utstyr frå Enivest som vert plassert hos deg, skal berre nyttast på den adressa som er oppgitt ved inngåing av Avtalen. Utstyret kan ikkje seljast eller lånast ut til andre, eller gjerast inngrep i.

c) Du skal berre nytte det utstyr eller andre komponentar som Enivest plasserer ute hos deg. Du er pliktig å gi Enivest tilgang til einingar som inngår i nettet, og som er Enivest eller netteigar sin eigedom. Du er sjølv ansvarleg for alt tele- og datautstyr som i tillegg til utstyret frå Enivest er nødvendig for å nytte Tenesta.

d) Abonnenten er økonomisk ansvarleg for skader han påfører Enivest sin eigedom, forsettleg eller aktlaust. Tap eller skade på utstyr som følge av til dømes tjuveri, lynnedslag, fysisk skade og anna skal dekkast av deg.

e) Dersom du gjer endringar på konfigurasjonen av Enivest sitt utstyr, som medfører at du ikkje kjem på nett og Enivest må konfigurere utstyret på nytt, vil du bli fakturert for dette. Du må sjølv dekke kostnader med å få levert utstyr til Enivest sitt kontor. Du kan ikkje krevje refusjon av betalt abonnement for den tida du ikkje har tilgang til Tenesta på grunn av dette.

f) Ved avslutning av abonnement er du ansvarleg for å kople ned og returnere alt utstyr som er plassert ut av Enivest. Kabelinn til hus og veggoppheng (”fiberhus”) eller mediakonverter, skal ikkje demonterast eller flyttast, men skal verte ståande, også etter avslutta kundeforhold.

g) Utstyr skal sendast til Enivest AS, Firdavegen 5, 6800 Førde og merkast med ditt kundenummer og namn. Ved tilbakeføring av utstyr til Enivest skal dette vere i den stand det var i ved levering, med unntak for vanleg slit og elde.

h) Transport av utstyr til service, reparasjon, oppgradering eller innbytte er ditt ansvar, også om nye tekniske standardar eller krav gjer det nødvendig å oppgradere eller bytte ut utstyret. Ved oppseiing, heving eller anna opphøyr av Avtalen skal utstyret straks leverast tilbake til Enivest.

i) Dersom kundeutstyr ikkje er levert tilbake til Enivest komplett og i god stand innan 30 dagar etter at kundeforholdet er avslutta, vil du bli fakturert ut frå dei til ei kvar tid gjeldande prisar og gebyr for behandling og purring, samt nyverdien av utstyret. Du kan ikkje krevje kompensasjon for ulempe etter montering eller demontering av utstyr. Sjå pkt. 4.

10. Feil eller manglar ved Tenesta. Brukarstøtte

a) Enivest vil kunne hjelpe deg med teknisk brukarstøtte i normal arbeidstid.

b) Avvik i tenestekvalitet ved til dømes større eller stadige forstyrringar, stadig brot i leveransen eller andre forhold som medfører at du ikkje mottar tilstrekkelege signal, blir sett på som ein mangel ved Tenesta. Dette gjeld ikkje dersom avviket skuldast deg, ditt nett eller ustyr, eller andre forhold utanfor Enivest sin kontroll. Enivest kan ikkje levere betre kvalitet enn det som følger av standarden på kabelnettet og kvalitet på mottatte signal. Forstyrringar eller forringa kvalitet grunna slike forhold, er ikkje ein mangel ved Tenesta.

c) Du må melde frå til Enivest så snart som mogleg, etter at du har oppdaga feil eller manglar ved Tenesta.

d) Før feil blir meldt til Enivest skal du sjølv undersøke om feilen skuldast eige utstyr, som til dømes feil i straumforsyning, kablar mellom utstyret og mellom utstyret og veggkontakt.

e) Enivest kan krevje at du dekker kostnader som er forbundne med feilsøking som Enivest utfører eller får utført, dersom feilen viser seg å ligge utanfor Enivest sitt tenesteansvar. Sjå pkt. 1 e) og f).

f) Reparasjonar/arbeid på nettet og/eller utstyr som er Enivest sin eigedom, må berre utførast av Enivest eller personar som Enivest har godkjent og gitt særskilt løyve. Dersom du på eige initiativ set i verk tiltak ovanfor tredjepart for å rette mangelen utover det som måtte vere avtalt med Enivest, er du ansvarleg for kostnad og eventuell skade.

g) Enivest sitt tenesteansvar (t.d. tilgjengelegheit, feilsøking og feilretting) gjeld berre for linje og utstyr som beskrive i pkt. 1 e).

h) Enivest skal snarast mogleg etter å ha blitt kjent med mangel ved Tenesta, sette i verk tiltak for å rette mangelen, og utbetre mangelen utan kostnad for deg. Ved mangel som Enivest er ansvarleg for og som gjer at du ikkje kan nytta Tenesta kan Kunden krevja eit forholdsmessig prisavslag. Prisavslaget kan ikkje under noko omstende vere høgare enn det månadlege vederlaget for Tenesta i den perioden mangelen ligg føre. Krav om prisavslag for manglande tilgang til Tenesta skal sendast skriftleg til Enivest, seinast ein månad etter at feilen blei oppdaga eller burde ha blitt oppdaga. Du kan uansett ikkje krevje prisavslag for manglande tilgang til Tenesta, for tid som går før feilen blir meldt til Enivest. Det blir ikkje gitt frådrag i etableringsavgift, vederlag for installasjon og levering av utstyr eller andre avgifter og gebyr.

i) Enivest er ikkje ansvarleg for skade, tap, avbrot eller forstyrringar som skuldast force majeure eller andre forhold som Enivest ikkje har kontroll over, til dømes arbeidskonflikt, offentlege reguleringar, straumbrot, epidemiar, feil bruk av eller inngrep i utstyret m.m..

j) Du kan krevje erstatning for ditt direkte økonomiske tap som skuldast mangel ved Tenesta. Dette gjeld likevel ikkje så lenge Enivest godtgjer at mangelen skuldast hindring utanfor Enivest sin kontroll, og som Enivest ikkje med rimelegheit kunne vente å ha tatt i betraktning på avtaletidspunktet eller å unngå eller overvinne følgene av. Indirekte tap, avleia skadar/tap eller følgeskadar/-tap blir ikkje erstatta i nokon tilfelle. Indirekte tap omfattar mellom anna tapt forteneste, tapt sparing, tapt renommé, tap av data og driftstap. Enivest er heller ikkje ansvarleg for skade på person, tredjeperson eller gods. Ved servicebesøk er Enivest ikkje ansvarleg for tapt arbeidsforteneste, andre tap eller kostnader for deg. Enivest sitt samla erstatningsansvar er i eitkvart tilfelle avgrensa til vederlaget for seks månader. Krav om erstatning skal sendast skriftleg til Enivest innan ein månad etter at feilen blei eller burde ha blitt oppdaga.

k) Enivest er ikkje ansvarleg for tap eller skade som direkte eller indirekte kan tilbakeførast til tredjepart, med mindre han vart innleigd av Enivest.

l) Ved vesentleg misleghald frå Enivest si side, kan du heve Avtalen.

11. Abonnenten sine rettar og plikter

a) Du har berre rett til å nytte abonnementet i høve til vilkåra til Enivest. Ditt nett må til ei kvar tid tilfredsstille gjeldande reglar, og det må ikkje koplast til utstyr som ikkje er offentleg godkjent. Du er ansvarleg for at ditt nett og utstyr ikkje gir forstyrringar i Enivest sitt eller andre abonnentar sine nett. Enivest kan kople frå Tenesta utan forvarsel ved forstyrringar i nettet. Du blir kopla til igjen når problemet er løyst. Utstyr som er installert etter denne Avtalen, kan ikkje nyttast til næringsverksemd.

b) Du er sjølv ansvarleg for at tenester som blir leverte med personlege kodar, irekna passord og PIN-kodar, ikkje vert misbrukt. Du må endre gitte kodar til personlege kodar straks Tenesta blir tatt i bruk. Kodar skal oppbevarast på forsvarleg vis, slik at uvedkommande ikkje får tilgang til dei. Du må ikkje forsere elektroniske sperrer, låsar, kodar eller på annan måte forsøke å skaffe deg uberettiga tilgang til andre tenester, opplysningar, data, system eller anna som ikkje er meint for deg. Du må heller ikkje nytte eller spreie informasjon som ikkje er berekna på deg. Det er ikkje tillate med masseutsending av reklame, e-post , eller til å bruke nettet til å spreie kjedebrev og anna.

c) Internettsambandet skal ikkje nyttast til å drive eigne servertenester – som til dømes; peer to peer-netverk, FTP, web, e-posttenester, NNTP, proxy-server eller DHCP. Du er sjølv ansvarleg for den informasjonen du nyttar, formidlar eller spreier ved hjelp av Tenesta.

d) Du må ikkje bruke nettet til spreiing av datavirus, opphavsrettsleg beskytta materiale eller til anna ulovleg materiale eller aktivitet.

e) Du er ansvarleg for at mindreårige ikkje får tilgang til tenester, som på grunn av sitt innhald kan verke støytande eller skadeleg. Du forpliktar deg til ikkje sjølv å nytte eller la andre nytte sitt internettsamband eller andre breibandstenester frå Enivest, i strid med norsk lov.

f) Det er ikkje tillate å vidareføre signal eller formidle tenester frå Enivest sitt nett til andre. Du kan ikkje selje vidare eller på annan måte tilgjengeleggjere din kapasitet på ditt abonnement, og du kan ikkje legge opp interne nettverk slik at andre kan få tilgang til Enivest sine tenester. Brot på denne føresegna er å rekne som vesentleg misleghald.

g) Du kan ikkje drive næringsverksemd på heimesideområdet. Kommersielle presentasjonar av tenester, som til dømespresentasjon av firma, produkt eller tenester for sal, er berre tillate etter skriftleg løyve frå Enivest.

h) Enivest vil ikkje garantere for eller støtte nokon produkt, tenester, transaksjonar eller innhald som blir distribuert eller marknadsført via Tenesta, og har ikkje noko ansvar for dette. Det er ditt ansvar å sikre deg mot for eksempel misbruk av kredittkort, når dette blir nytta som betalingsmiddel.

12. Misleghald frå abonnenten si side

a) Ved vesentleg misleghald av Avtalen eller andre avtalar med Enivest frå di side, kan Enivest stenge Tenesta eller kople frå tilknytinga til Enivest. Slik stenging kan skje straks og utan varsel. Du er ansvarleg for betaling av Tenesta, sjølv om den skulle stengast grunna misleghald. Vesentleg misleghald gir også Enivest rett til å heve Avtalen.

b) Som vesentleg misleghald reknast til dømes ulovleg inngrep i eller bruk av utstyr, piratkopiering av kort, manglande betaling, brot på offentlege reglar, misbruk eller forsøk på misbruk av Tenesta eller reglar for Tenesta.

c) Dersom Enivest hever Avtalen som følge av vesentleg misleghald frå di side, er du forplikta til å betale alle fakturaer frå oss. Det same gjeld påløpne kostnader, avgifter og gebyr som endå ikkje er fakturert, avgift og gebyr for eventuell henting av utstyr, brot på bindingstid, erstatning for utstyr eller anna tap påført Enivest, samt eventuelle renter og inkassogebyr.

d) Etter at Tenesta er stengd eller Avtalen er heva, har Enivest rett til å nekte deg eller andre i din husstand eller bufellesskap ny avtale eller tilgang til Tenesta.

13. Endring av vilkår

Enivest kan endre abonnementsvilkåra som følger av denne Avtalen med ein månads varsel. Slike endringar blir varsla med e-post til den e-postkonto som du har oppgitt til Enivest. Endringane vil også gå fram av våre nettsider (www.enivest.no). Betaling for Tenesta etter at endringa er trådd i kraft, blir sett på som aksept.

14. Tenesterestriksjonar

a) Enivest har rett til, og ekomlova pålegg i nokre tilfelle Enivest, å setje i verk tiltak som kan medføre avbrot, avgrensingar, forstyrringar eller endringar i Tenesta som er nødvendige av tekniske, driftsmessige, vedlikehaldsmessige eller andre årsaker.

b) Abonnenten kan i slike tilfelle ikkje krevje frådrag i vederlaget. Enivest er utan ansvar for eventuelt tap eller kostnader som Abonnenten måtte bli påført.

15. Særskilte vilkår for telefoni

a) Du kan reservere deg mot visning av telefonnummeret ditt for abonnent til oppringt nummer. Enivest kan likevel ikkje garantere at dette til ei kvar tid vil fungere, då Enivest ikkje har kontroll over andre sine nettverk og tenester, og det kan gjelde unntak i lova.

b) Ved nummerportering i abonnement med fleire nummer per linje, er det berre mogleg for deg å behalde hovud nummeret. Du er sjølv ansvarleg for å seie opp eventuelle andre nummer som du ikkje skal behalde. Enivest er ansvarleg berre for oppseiing av abonnementet hos din avgjevande tenesteleverandør på nummer som skal porterast til Enivest.

c) Dersom du vel telefonnummer frå Enivest, er du sjølv ansvarleg for oppseiing av abonnement og eventuelt bestilling av nummerhenvisning hos tidlegare utleigar.

d) Etter andre gongs purring har Enivest rett til å stenge for inn og utgåande samtalar inntil uteståande beløp er betalt.

e) Abonnentopplysningar som namn, fødselsdato, adresse og telefonnummer blir utlevert til nummeropplysningsverksemder jf. ekomforskrifta § 6-3, om du ikkje har reservert deg.

f) For abonnement på Enivest telefoni (breibandstelefoni) gjeld i tillegg at Enivest foreløpig ikkje tilbyr tenestene reservasjon mot anrop frå skjult nummer, reservasjon mot nummervisning for enkeltsamtalar, og sperring for mottak av vidarekopling frå tredjepart til sluttbrukar sitt terminalutstyr.

16. Særskilde vilkår for TV

a) For levering av TV gjeld dei til ei kvar tid gjeldande vilkåra til Telia eller annan signalleverandør.

b) Ved vesentleg misleghald av Avtalen eller andre avtalar med Enivest frå di side, kan Enivest la vere å oppdatere programkort.

17. Tvisteløysing

Tvistar skal søkast løyst i minnelegheit. Klagar som går på kvaliteten på Enivest sine tenester, leveranse eller faktura kan rettast skriftleg til Enivest. Kundar kan klage på Enivest si avgjerd i tvistar til Brukerklagenemnda for elektronisk kommunikasjon (BKN). Klagar kan først sende inn klage til BKN etter at klagar har fått skriftleg avslag frå Enivest. Sjå www.brukerklagenemnda.no. Kvar av partane bringe tvisten inn for domstolane.

18. Gebyroversikt

Ved inngåing av Avtalen gjeld følgande gebyr:

Fiber:

Brot på bindingstid etter utgått angrerett ved bestilling av Singel fiber (berre fiber): Kr 6828,-
Gjenstår det mindre enn 12 mnd. avtaletid, så blir brotgebyret avrekna etter gjenståande avtaletid. Eks. gjenstår det 2 mnd. avtaletid, så blir kunden fakturert for resterande 2 mnd. Privatabonnement utan bindingstid har ein månad oppseiingstid rekna frå utløpet av månaden.
Bomtur grunna at graving hos kunde ikkje er utført: Kr 995,-
Ikkje levert grunna manglande graving: Kr 8000,-

TV:

Brot på bindingstid etter utgått angrerett ved bestilling av TV og strøyming: Kr 5988,-
Gjenstår det mindre enn 12 mnd. avtaletid, så blir brotgebyret avrekna etter gjenståande avtaletid. Eks. gjenstår det 2 mnd. avtaletid, så blir kunden fakturert for resterande 2 mnd. Privatabonnement utan bindingstid har ein månad oppseiingstid rekna frå utløpet av månaden.

Pakke (Internett, TV og strøyming):

Brot på bindingstid etter utgått angrerett ved bestilling av pakke (Internett, TV og strøyming): Kr 9882,-
Gjenstår det mindre enn 12 mnd. avtaletid, så blir brotgebyret avrekna etter gjenståande avtaletid. Eks. gjenstår det 2 mnd. avtaletid, så blir kunden fakturert for resterande 2 mnd. Privatabonnement utan bindingstid har ein månad oppseiingstid rekna frå utløpet av månaden.

ADSL/VDSL/Trådlaus:

Brot ved 9-12 mnd. igjen av bindingstid: Kr 2500,-
Brot ved 6-9 mnd. igjen av bindingstid: Kr 1875,-
Brot ved 3-6 mnd. igjen av bindingstid: Kr 1250,-
Brot ved under 3 mnd. igjen av bindingstid: Kr 625,-
Annullering av bestilling før levering: Kr 1500,-

Premium WiFi:

Brot på binding: Kr 549,-

Alle priser er inkludert moms.

Gjeldande gebyr finn du på: www.enivest.no/kundesenter/til...

Gebyra kan endrast utan varsel.

Takk for at du er kunde av Enivest