Fiber på Vie og Tefre

Enivest held på å bygge eit nytt TV- og breibandsnett basert på fiberteknologi. Under finn du informasjon om framdrift i utbyggingsprosjektet.

Klikk her for meir fiberinfo

Viktig informasjon

På denne sida vil vi framover informere om fiberutbygging i området Vie og Tefre.

Enivest gleder seg over at du vil vere kunde hos oss. Det er kjekt at du vil vere med oss i utbygging av eit framtidsretta fibernett. Saman utviklar vi samfunnet vårt.

Entreprenør: Eltel networks AS
Prosjektleiar: Knut Jan Mjåseth, tlf. 9951 09 773 / knut.mjaseth@eltelnetworks.no
Oppstart av arbeid i feltet: 10.07.2020
Kundeinstallasjon, sone 1: 15.02.2021 - 19.03.2021 (Ny dato: 12.04.2021 - 26.06.2021)
Kundeinstallasjon, sone 2 og 3: 15.11.2020 - 15.12.2020 (Ny dato: 15.05.2021 - 15.06.2021)
Kundeinstallasjon, sone 4: 14.12.2020 - 24.12.2020

Kontakt prosjektleiar om du har spørsmål vedkommande graving av grøft for levering av fiber til heimen din.

Status pr. 11.10.21

Alle kundeleveransane er ferdige også på Vie (sone 1). Vi ventar på oppdatert framdriftsplan frå entreprenør, for vidare framdrift på Tefre (sone 2). Det er den siste sona før ferdigstilling.

Status pr. 11.05.21

Vi er ferdige med gravearbeidet i sone 1, og held på med kundeleveransar der no - Reknar med å bli ferdige innan oppsett tid. I sone 2 er det ein del arbeid som må på plass, men vi håpar å levere kundar i tidsrommet midten av mai til midten av juni. Sjå ny dato for begge sonene over.

Status per 16.03.21

I utgangspunktet skulle vi ha vore ferdige med leveransane før jul, men kaldt vinterver og andre utfordringar sette ein stoppar for det. Det blir forseinkingar i både sone 1 og 2, og nye datoar kjem. Vi prøver å kome i gang med gravinga i sone 1 så snart råd, og vil halde på med det framover. Gravinga i sone 2 er snart ferdig.

Status per 16.02.21

I sone 4 er vi ferdige med alle leveransane. Vi har fått ny dato for sone 1, men vi kjem ikkje i gang her pga. vinter med frost og kulde. Så den datoen kjem til å sprekke, og vi ventar på ei ny oppdatering. Vi har ikkje fått ny dato for sone 2, men den kjem etter kvart.

Status per 19.01.21

Det har teke tid med å få alle løyver på plass, så derfor blir vi litt forseinka med kundeleveransane. Slik det ser ut no, så blir det ikkje leveransar før i Q1-2021. Vi har fått ny framdriftsplan for sone 1 og 4, men ventar på nye planar for sone 2 og 3. Vi oppdaterer med nye datoar her også, så snart desse er på plass.

Status per 27.10.20

Vi har fått nokre utfordringar som fører til at oppstart av kundeinstallasjonane vert litt utsette. Likevel håpar vi på at vi skal klare å levere alle kundane innan oppsett sluttdato.

Status per 01.09.20

Vi er godt i gang med prosjektet og held på med div. avklaringar. Vi reknar med at framdrifta og kundeleveransane skal gå etter oppsett plan, sjå over.

Status per 14.07.20

Vi har inngått avtale med Eltel networks AS. Dei blir hovudentreprenør for området, medan Gravdal skog og hageservice AS skal utføre gravearbeidet. Kontaktperson er prosjektleiar Geir Ole Berg, tlf. 982 20 727. Entreprenøren er i ferd med å rigge seg til i feltet, og held no på med å avklare diverse løyver rundt arbeidet som skal gjennomførast. Forventa oppstart er medio august.