Sponsorarbeid

Sponsorobjekta sin profil skal vere ”for folk flest”. Det skal satsast på breidde fremfor smale målgrupper og lag fremfor enkeltutøvarar. Barn og unge er ei viktig målgruppen for vår sponsing. Vi støttar ikkje religiøse formål, politiske organisasjonar, reiser/turar for privatpersonar eller annan aktivitet som ikkje er open for offentlegheita.

Vi satsar i Sogn og Fjordane

Enivest skal vere ein engasjert samfunnsaktør i fylket, og vi brukar sponsing som eit verkemiddel for å nå dette målet. Vi har tre hovudmål med sponsorverksemda:

  • Merkevarebygging
  • Kundepleie
  • Lagåndbygging blant eigne medarbeidar

Langsiktigheit 

Vi ønskjer langsiktigheit i dei sponsorengasjementa Enivest er med på. Dette for å få best effekt av dei investeringane som blir lagt ned i tid og pengar. I tillegg viser erfaring at vi bør vere med over tid for å bli assosiert med sponsorobjektet. 

Slik kan du søke om sponsorstøtte frå Enivest

Skriv ein søknad til oss som inneheld informasjon om:

  • Kva organisasjonen driv med og kontaktinformasjon
  • Kva beløp de søker om
  • Korleis de vil nytte den støtta de søker om frå oss
  • Korleis ein ser for seg at eit samarbeid med Enivest skal vere
  • Kva for betydning samarbeidet vil ha for organisasjonen og Enivest
  • Framtidige mål for organisasjonen

Alle søknadar med eventuelle vedlegg skal sendast elektronisk til e-post: sponsor@enivest.no.

Søknadsfrist 30. april (merk at vi behandlar søknadar ein gong pr. år).

Har du spørsmål vedrørande sponsorsøknad, kontakt vår marknadskoordinator Reidun Hegrenes på telefon: 57 00 91 63.

Førespurnad om gåver til basarar og liknande kan rettast direkte til vårt kundemottak i Firdavegen 5 ved personleg oppmøte. Arrangementet må skriftleg stadfestast med generell informasjon mellom anna om føremål med arrangementet, kva for lag det gjeld og dato for gjennomføring.