Fiber i Solheimsdalen - Førde

Enivest held på å bygge eit nytt TV- og breibandsnett basert på fiberteknologi. Under finn du informasjon om framdrift i utbyggingsprosjektet.

Klikk her for meir fiberinfo

Viktig informasjon

På denne sida vil vi framover informere om fiberutbygging i Solheimsdalen.

Enivest gleder seg over at du vil vere kunde hos oss. Det er kjekt at du vil vere med oss i utbygging av eit framtidsretta fibernett. Saman utviklar vi samfunnet vårt.

Dette prosjektet er delt inn i to delar.

Del 1: I denne delen skal det gjennomførast gravearbeid, legging av røyr, trekking av kablar og montering av skåp.
Del 2: I denne delen av prosjektet skal det gjennomførast skøytearbeid og kundeleveransar.

Enivest har inngått avtale med GS-Maskin AS om del 1 av prosjektet. Val av entreprenør for arbeidet i del 2, er ikkje gjort enno.

Hovud- og graveentreprenør: GS-Maskin AS
Fiberentreprenør/kundeinstallasjon: Ikkje valt
Oppstart av arbeid i feltet: 04.06.2021
Oppstart kundeinstallasjon: Info. kjem

Kontaktperson er Terje Pettersen i GS-Maskin, tlf. 90 92 33 37 (kl. 08:00 - 16:00) / kunde@gs-maskin.no. Ta kontakt med han om du har spørsmål vedkommande graving og framføring av kablar.

Status pr. 11.10.21

GS Maskin er ferdig med det meste av gravinga. Det gjenstår no legging av sjøkablar, før vi kan sende prosjektet videre til fiberentreprenør.

Status per 14.06.21

Det blir arbeidd med å skaffe løyver og førebu oppstarten.