Fiber på Refvik

Enivest held på å bygge eit nytt TV- og breibandsnett basert på fiberteknologi. Under finn du informasjon om framdrift i utbyggingsprosjektet.

Klikk her for meir fiberinfo

Viktig informasjon

På denne sida vil vi framover informere om fiberutbygging på Refvik.

Enivest gleder seg over at du vil vere kunde hos oss. Det er kjekt at du vil vere med oss i utbygging av eit framtidsretta fibernett. Saman utviklar vi samfunnet vårt.

Fiberentreprenør/kundeinstallasjon: Wirecom
Kundeinstallasjon: Q4-2021

Ta kontakt med Prosjektleiar Erik Grue, om du har spørsmål vedk. kundeinstallasjon, tlf. 905 22 682 (telefonar blir besvart på dagtid i tidsrommet 08:00-15:00).

Status pr. 12.10.21

Gravearbeidet er ferdig og fiberentreprenør vil innan kort tid starte på kundeleveransene. Kundeinstallasjon følger oppsett plan og vil bli gjennomført i løpet av Q4-2021. Kundar som endå ikkje har gjennomført eigeninnsats, dvs. gjennomført graving på eigen tomt må gjennomføre dette snarast og seinast innan 1. november.

Status pr. 13.09.21

GS-maskin held på med framføring av kundekablar og vil bli ferdige med dette arbeidet i løpet av 2 veker. Planen er då at oppstart av kundeleveransane skal skje i starten av Q4. Minner om at eigeninnsats må vere gjennomført innan måndag 27. september.

Status pr. 31.05.21

Det blir arbeidd med å skaffe løyver og førebu oppstarten.

Status pr. 11.05.21

Enivest er i ferd med å hente inn løysingsforslag for utbygginga og tek sikte på å signere kontrakt med Entreprenør i løpet av kort tid. Når dette er på plass, vil vi på denne sida legge ut informasjon om kontaktpersonar og meir detaljert informasjon om framdrift.