Full trådlaus dekning - høg hastigheit

Vi har over ein lengre periode testa produktet hos kundar som hadde utfordringar med den trådlause dekninga i bustaden. Erfaringane frå testfasen har vore positive, og det gler oss no at vi kan tilby tilleggsproduktet Premium WiFi til alle våre kundar!

Logg inn på "Mi side" og bestill >

Bustadpakken med 3 boksar

Kvifor oppgradere heimen med Premium WiFi?

Bustadpakken med 3 boksar optimaliserer nettverkskapasiteten og gir jamn trådlaus dekning og hastigheit. Trådlaus-nettverket koplar automatisk klienten til den best eigna boksen og oppdaterer dette kontinuerleg.

  • Trådlaust heime med enterprise-kvalitet
  • Slutt på dødssoner, dekning i heile bustaden
  • Ferdig oppsett nettverk - plug and play
  • Enkel installasjon
  • Passar for dei fleste bustadar - trio kit
  • App for Android og iOS - hjelp til oppsett og feilsøking

Den ultimate pakken - for store familiar

Vi anbefaler Bustadpakken med 3 trådlause boksar for optimal yting. Den skal vere nok til å gi full dekning i dei aller fleste bustader. Har du veldig stort hus eller ønsker dekning i for eksempel garasje, kan du trenge 1 eller 2 tilleggsboksar.

Mobil app

Med AirTies WiFi-appen (engelsk versjon) kan du visualisere nettverket ditt og sjekke om alle boksane er plassert for beste dekning. Den gjer det også enklare å skifte SSID og passord, sette opp gjestenettverk, med meir. Appen er gratis, og finst for Android og iOS (iPhone/iPad).

Produkt/prisar:

 

Ditt internett produkt

Premium WiFi
(Bustadpakken) mnd. pris*

Etablering
(avhengig av ditt internett produkt)

For abonnentar med
ADSL, VDSL, Fiber 35/35 og 70/70

kr 49,-

kr 1399,-

For abonnentar med Fiber 100/100

kr 49,-

kr 995,-

For abonnentar med Fiber 250/250 og 500/500

kr 49,-

kr 0,-

Ekstra boks

kr 0,-

kr 995,-

* Månadspris på ditt internettabonnement kjem i tillegg.