Om oss

Enivest ville vere med på å bygge Sogn & Fjordane for menneska og bedriftene her. Difor tok vi saka i eigne hender, og begynte arbeidet med utbygging av breibandsnett til både tettstader og utkantar. Vi har grave i jorda, lagt ned kablar og klatra i master for å få teknologien ut til deg der du er. Slik var vi med på å løfte regionen vår inn i framtida, og dette er eit arbeid vi brenn for den dag i dag.

Tilsette

Enivest gjev deg global rekkevidde og globale moglegheiter, men det er også viktig for oss at du har det bra her heime. Difor er vi opptekne av å gi tilbake, og å delta aktivt i fellesskapet.

Oppdraget vårt er å gjere det enkelt for deg å kople deg på. Enivest gjer bygdene smarte, og leverer dei gode løysingane til både private og næringsdrivande. Nye løysingar og tenester er på trappene, noko som gjer at vi har trua på framtida. Ny TV-løysing for private og tenester for bedriftene i «skya», kan nemnast.

Stoltheita vår blir næra av at kundane våre verdset produkta våre. Det er vår drivkraft å gjere brukarane fornøgde, og vi deler meir enn gjerne vår ekspertise og kunnskap gjennom god kundeservice.

Selskapsinformasjon

Verksemda sitt fulle namn: ENIVEST AS
Føretaksnummer: 982 503 620 MVA
Hovudkontor: Firdavegen 5, 6800 Førde
Avdeling Sandane: Strandtun i Bukta, 6821 Sandane

Eigarskap

AksjonærTal aksjarEigardelStemmedel
Sunnfjord Energi AS9,64152,5 %52,5 %
Sogn og Fjordane Energi7,11438,7 %38,7 %
BKK Digitek AS6613,6 %3,6 %
N. Helgheim AS3181,7 %1,7 %
Stryn Energi AS3962,2 %2,2 %
Førde Kommune660,4 %0,4 %
Naustdal Kommune660,4 %0,4 %
Hyllestad Kommune330,2 %0,2 %
Jølster Kommune330,2 %0,2 %
Gloppen Kommune310,2 %0,2 %
Totalt antal aksjar18.359100 %100 %

Enivest sitt styre

Faste medlemmer:

  • Fredrik Behrens (styreleiar)
  • Ingvild Ragna Myhre
  • Torild Skogsholm
  • Johannes Rauboti
  • Atle Hamar
  • Torbjørn Os (tilsetterepresentant)

Vara:

  • Arild Fleten
  • Asgeir Aase
  • Jermund Sandvik (tilsettrepresentant)