Vil du jobbe hos oss innan spennande fagfelt?

Enivest er eit av dei største IKT-selskapa i regionen vår. Vi tilbyr framtidsretta internettløysingar på ulike teknologiplattformer, der fiber og fiberbasert breiband er det sterkaste vekstområdet. Enivest arbeider aktivt med integrasjon av ulike tenester i nettet og er Telia partnar på distribusjon av TV. Hovudprodukta våre er internett, datakommunikasjon, TV, video og telefonitenester. Selskapet har i dag 60 tilsette med hovudkontor på Øyrane i Førde og er i stadig vekst og utvikling.