Fiber i Lavikdalen

Enivest held på å bygge eit nytt TV- og breibandsnett basert på fiberteknologi. Under finn du informasjon om framdrift i utbyggingsprosjektet.

Klikk her for meir fiberinfo

Viktig informasjon

På denne sida vil vi framover informere om fiberutbygging i Lavikdalen.

Enivest gleder seg over at du vil vere kunde hos oss. Det er kjekt at du vil vere med oss i utbygging av eit framtidsretta fibernett. Saman utviklar vi samfunnet vårt.

Entreprenør: OneCo Networks AS
Prosjektleiar: Stig Tveit, tlf. 952 39 732 / stig.tveit@oneco.no
Oppstart av arbeid i feltet: 08.09.20
Kundeinstallasjon: 10.10.2021 - 30.11.2021

Status pr. 11.10.21

Grunna utfordringar med innhenting av løyver vil kundeleveransene nord for Øvredalsvegen 496 bli noko forseinka. Vi arbeider med alternative løysingar for å kunne levere kundane på fiber. Meir info. kjem innan kort tid.

Kundeleveransane sør for Øvredalsvegen 496 fortsetter som normalt i samsvar med oppsett plan.

Status pr. 13.09.21

OneCo starta med legging av sjøkabel i går. Det betyr at oppstartsdato for kundeleveransane kan skje litt tidlegare enn oppsett plan, altså 20.09.21.

Status pr. 17.06.21

Vi gjennomfører no ei rekke tiltak for å få fortgang i prosjektet, og for å kunne gjennomføre kundeinstallasjonane så tidleg som mogleg. I forhold til prosjektperioden som er sett av er vi i rute, men grunna utfordringar vi ikkje rår over som snø, frost og nødvendige løyveavklaringar er sluttdato utsett. For at vi skal ha ei rasjonell framdrift på kundeinstallasjonane må eigeninnsatsen gjennomførast seinast innan 01.09.21, viser elles til tidlegare utsendt informasjon i kundebrev og gravefoldar.

Status pr. 11.05.21

På grunn av dei siste store snøfalla i vinter/vår, så klarte vi ikkje å få den framdrifta som vi hadde tenkt. Det vart også noko meirarbeid med gravinga. Dette har gjort sitt til at kundeleveranse blir utsett med omlag 4 mnd. Sjå ny dato over.

Status pr. 27.04.21

Vi er i gang med gravinga igjen etter det siste snøfallet. Vi ser framover om vi klare å hente inn att den tapte tida, og vi prøvar det vi kan.

Status pr. 14.04.21

Det kom ein god del snø no, og det kan medføre eit par veker forseinkingar, men vi prøvar å hente det inn att så godt som råd.

Status pr. 16.03.21

Vi er i full gang med gravinga og jobbing i feltet. Det ser ut til at vi skal klare å følge oppsett plan.

Status pr. 02.03.21

Vi var innstilte på at det kunne bli eit langt opphald i leveransane pga. snø og kaldt vinterver. Heldigvis så har veret mildna, og det gjer at vi kan forsøke å starte gravinga igjen neste veke. Foreløpig følger vi oppsett framdriftsplan.

Status pr. 16.02.21

Vi er inne i ein periode med frost og snø, så akkurat no er det lite arbeid som pågår i feltet. Vi følger oppsett framdriftsplan, men ein lang vinter kan føre til forskyving på leveransane.

Status pr. 05.01.21

Vi held på med førebuande arbeid, og gravearbeidet i feltet er starta.

Status pr. 09.12.20

Vi har inngått avtale med OneCo Networks AS. Dei blir hovudentreprenør for området, medan Bjørkhaug Maskin AS skal utføre gravearbeidet. OneCo har starta opp arbeidet med undersøkingar i feltet. I utbygginga er vi avhengige av å nytte fellesføringar (stolpeføring) for å føre fram fiber. Løyver som er nødvendige for framføring av fiber må difor på plass, og alt arbeid knytt til eventuell utbetring av stolpar som skal nyttast må vere ferdig før kundeinstallasjonane kan starte.

Status pr. 01.09.20

Vi har starta anbodsrunde for å finne entreprenør til prosjektet. Meir informasjon kjem når entreprenør er valt.