Treigt nett
Mange variablar spelar inn når nettet går treigt. Følg gjerne feilsøkingstrinna under, før du melder feil til oss.
- Prøv først å skru av og på modemet.
- Er du kopla til trådlaust til modemet bør du prøve å gå nærmare modemet for å sjå om nettet verkar betre. Er det ingen forskjell, kan du prøve å kople til via kabel.
- Går nettet treigt via kabel, bør du prøve å byte nettverksport i modemet og byte nettverkskabel.
- Er det framleis treigt, kontakt Kundeservice på 57009100.
- Om du ønskjer å lære meir om kva som kan påverke hastigheita og korleis du optimaliserar ditt heimenettverk sjå her.