Hastigheitstest / Speedtest

Målingar skal helst gjennomførast ved bruk av kabel. Måler du via wifi må det påreknast tap i kapasitet.

Hastigheita som du opplever på nettet ditt, blir påverka av fleire faktorar

Om du har eit Fiber abonnement, skal hastigheita inn til modemet alltid samsvare med abonnementet ditt. Hastigheita du får på fiber er lik på opp- og nedlasting.

Om du har eit DSL abonnement, blir den faktiske hastigheita påverka av linjelengda frå sentral og linjekvalitet.

Har du eit Trådlaus abonnement, vil signala kunne påverke hastigheita. Om radioantenna di er feilstilt eller noko blokkerer for fri sikt, vil du kunne få redusert kapasitet. Dette er noko du som regel kan fikse sjølv.

Opplever du problem med treig eller ustabil tilkopling?

Som breibandsleverandør leverer Enivest internett hastigheit inn til modemet. Frå modemet til einingane dine kan det vere mange ting som påverkar hastigheita.

Har du problem med treigt nett, er problema som regel knytt til wifi.

Ein vanleg husstand i dag har ofte mange duppeditter og PC ’ar på nett via wifi, og her er det mange faktorar som kan lage problem. Wifi er ikkje ein teknologi som har kome like langt som kabelnett, og dei høgaste kapasitetane på Fiber kan ein ikkje forvente å få på trådlaust.

Plassering av modem

Sentral og fri plassering av modem er det enklaste og viktigaste tiltaket ein kan gjere for å optimalisere wifi nettverket.

Modemet bør plasserast fritt frå fysiske hindringar som skåp, eller møblar som står i vegen.

Merk deg også at anna elektrisk utstyr som TV-apparat, mikrobølgeomnar, sikringskåp osv. vil kunne lage støy for wifi signala til modemet. Prøv å plassere modemet vekk frå slikt.

Dine eigne einingar

Gode signal krev ikkje berre at teknologien fungerer på modemet. Like viktig er det at eininga di støttar og leverer gode signal.

Tenk på at eininga di kan ha ei dårleg wifi antenne. Ein mobil eller nettbrett vil sjølvsagt ha ei mindre antenne enn ein PC, det vil kunne påverke signala til desse.

Det kan også vere at eininga di har eit nettverkskort som ikkje støttar dei nyaste standardane. Då vil ein ikkje kunne nytte teknologien i modemet fullt ut, noko som kan føre til redusert hastigheit.

Alt som er kopla på, vil vere med å trekke ned kapasiteten

Den trådlause kapasiteten til modemet er delt med alle einingar som er kopla til. Har du einingar som ligg tilkopla med dårleg dekning, så vil modemet bruke mykje kapasitet på å oppretthalde tilkoplinga, og det vil gjere nettet dårleg for alle andre som brukar det.

Tenk også på at tenester som skylagring og strøyming av video vil bruke stor kapasitet.

Støy

Nabonettverk og anna trådlaust utstyr vil kunne lage støy for det trådlause nettverket ditt.

Har du mange nabonettverk rundt deg vil dette kunne lage støy, fordi det er begrensa tal radiokanalar på 2.4GHz nettet som ein kan bruke.

Har du eit modem som støttar 5GHz, anbefalar vi deg å bruke dette. Om du ikkje har eit modem som støttar det, og du har store problem med støy, kan det vere hensiktsmessig å kjøpe eit aksesspunkt som støttar 5Ghz å kople til modemet. For å kunne bruke 5GHz må også einingane dine støtte det.

Ikkje still for høge forventingar til det trådlause nettverket

Det trådlause nettet som blir levert på modemet, er eit standard wifi nettverk. Om ein har ein større bustad over fleire etasjer eller mange nabonettverk, er det ofte at det trådlause på modemet ikkje er nok for å få eit optimalt wifi nettverk i heile bustaden.

Oppgrader heimenettverket ditt

Om signala er for dårlege, oppdater heimenettverket ditt. Det finst mange produkt på marknaden som kan utvide det trådlause nettet. Det beste alternativet er å trekke ein kabel i frå modemet og sette opp eit aksesspunkt der ein ønsker betre dekning. Då vil ein kunne utnytte den gode hastigheita som ligg i breibandsabonnementet, sjølv om ein sit langt i frå modemet.

Enivest leverer også eit eige produkt for betre trådlaust nett noko du som kunde, kan bestille av Enivest. Sjå informasjon om Premium Wifi her.

Bruk kabel

Har du einingar som har behov for høg kapasitet og stabilitet, vil det beste alternativet alltid vere å bruke kabla tilkopling.

Teste hastigheita

Skal du teste hastigheita di, bør du gjere dette via kabla nett, då trådlaus kapasitet alltid vil variere med signalstyrke og utstyr ein brukar.

  1. Slå av wifi på maskina di.
  2. Kople datamaskina direkte til modemet med kabel.
  3. Dersom andre einingar er kopla på nettet, bør du skru av desse. Dei vil kunne trekke kapasitet sjølv om ein ikkje aktivt brukar dei.
  4. Test hastigheita på via http://speedtest.enivest.net/
  5. Dersom du har ei høg hastigheit på abonnementet ditt, bør du også kontrollere at maskina di støtter hastigheita.