Ingen TV-signal

Har du ingen TV-signal kan det vere fleire feil. Følg feilsøkingstrinna under, før du melder feil til oss.

  • Sjekk at dekodaren er skrudd på.
  • Sjekk at TVen er stilt inn til å bruke riktig kilde og at leidning mellom dekodar og TV står skikkeleg tilkopla.
  • Pass på at smartkortet høyrer til den aktuelle dekodaren. Smartkortet vil berre fungere i dekodaren som det var sendt i lag med.
  • Sjekk kabelen mellom dekodar og modem (den må setjast inn på ein LAN-port).
  • Ta straumen på dekodaren og skru modemet av og på.
  • Om du framleis ikkje får bilde, kontakt Kundeservice på 57009100.