Har ikkje nett

Mange variablar kan føre til at du ikkje har nett. Følg gjerne feilsøkingstrinna under, før du melder feil til oss.

  • Sjekk at det lyser på internett-lampa på modemet. Dersom den ikkje lyser, prøv å starte modemet på nytt og vent til modemet kjem på att. 
  • Sjå om WIFI-lampa på modemet lyser. Dersom den ikkje lyser trykker du inn WIFI-knappen på modemet til den begynner å lyse. 
  • Sjekk at det trådlause er påskrudd på eininga du brukar. 
  • Kople i ein kabel mellom modemet og PCen. 
  • Sjekk at det lyser på porten i modemet der PCen er kopla til og i nettverkskortet på PCen. Om det ikkje lyser må du prøve med ein annan kabel. 
  • Sjekk at kabelen mellom linja inn og modemet står i rett port. Om du har Fiber eller Radio, skal kabelen stå i "WAN". Har du DSL skal kabelen stå i "DSL".
  • Får du framleis ikkje nett, kontakt kundeservice på 57009100.