Hakking eller brot på telefon

Har du problem med samtalar, skru av og på modemet. Følg gjerne feilsøkingstrinna under, før du melder feil til oss.

  • Pass på at telefonen er kopla i Telefon1. 
  • Prøv å skru av og på modemet.
  • Sjekk alle kablar til telefonen for synlege skadar eller dårleg kontakt. Når telefonen er tilkopla, skal det lyse på Telefon1 på modemet. 
  • Har du eit anna telefonapparat, kan du prøve å kople til dette i staden.
  • Om det framleis ikkje funkar, kontakt kundeservice på 57009100.