Flytte abonnement

Du kan melde flytting av dine abonnement på Mi side. Hugs å gi oss beskjed i god tid!

Når du skal flytte abonnementet ditt må du rekne med opp mot 5 vekers leveringstid. Leveringstida kan bli redusert om det er ei aktiv linje i din nye bustad, eller om det har vore det nyleg.

Det er viktig at du melder i frå til oss i god tid slik at vi kan starte arbeidet med å flytte abonnementa dine.

Meld flytting på Mi side, eller ta kontakt med oss! Når vi behandler saka sender vi ut informasjon på SMS for å halde deg oppdatert.