E-post sikkerheit

Informasjon om korleis ein kan miste passordet sitt

Pass på å sikre data og kontoar

Med mange tenester og behov på nett, er det viktig at du sikrar datane dine.

Om uvedkommne får tilgang til kontoane dine, kan dette utgjere stor fare for svindel eller at kontoane dine blir sperra.

I denne artikkelen tek vi for oss grepa ein bør ta, for å sikre at e-post kontoen ikkje blir misbrukt.

E-post sikkerheit

For å unngå at nokon får tilgang til e-post kontoen din er det viktig at du brukar eit sterkt passord, gjerne ein kombinasjon av store og små bokstavar og tal.

Ein bør og passe på kva nettsider ein registrerer seg med e-postadressa på, og ikkje bruke same passordet til nettkontoar som til sjølve e-postadressa.

Ein bør også skifte passord regelmessing for å minimere sjansen for at nokon får tak i det.

Sperra e-postkonto

Enivest overvakar e-postserverane kontinuerleg. Misstenker Enivest at ein e-postkonto vert missbrukt blir passordet på kontoen endra snarast. Dette for å hindre vidare missbruk.

Visst dette har skjedd deg ber vi deg om å følgje «Endre passord på e-postkontoen» og endre passord på din konto. Det er viktig å hugse på at ikkje må endre passord til det gamle passordet.

Elles bør ein også lese gjennom «E-post sikkerheit» for å sikre seg at kontoen ikkje vert missbrukt igjen.

Endre passord på e-postkontoen

For å endre passordet på din Enivest e-post konto, lyt du logge inn på webmailen

Når du har logga inn med e-postadressa og passordet, kan du velje "Personlege innstillingar" oppe i høgre hjørne.

Trykk på "Passord" i venstre meny for å endre passordet.

Hugs at om du byttar passord, lyt du legge det inn på alle einingar du brukar e-posten på.

Usikre nettverk når ein er på reise

Ein bør vere litt forsiktig når ein er på opne nett, som til dømes på flyplassar eller hotell.

På opne nett er det mange som er tilkopla same nettverk, og det er ikkje sikkert at alle har gode intensjonar.

Ein bør vere forsiktig når ein opnar e-post og loggar på sensitive kontoar, dersom ein ikkje stolar fullt og heilt på nettleverandøren.

Virus og phishing

Det er alltid ein sjanse for at maskina di får virus. Sørg alltid for å ha eit oppdatert virusprogram og foreta jamleg virus scanning på PC`en din. 

Har du ikkje eit virusprogram, anbefalar vi deg å bruke Avast! som er eit gratis program. 

Hackergrupper utfører også ofte det vil kallar "phishing". Det blir som oftast gjennomført ved at dei sender ut ein e-post til deg som kunde, der dei utgir seg for å vere ein tenesteleverandør som til dømes Enivest. Dei ønsker ofte at du skal klikke på ein link og fylle ut personleg informasjon.

Er du usikker på om informasjon er sendt i frå oss, ikkje nøl med å ta kontakt. Enivest vil aldri be deg om personopplysningar som namn, passord eller kontonummer.