Endre valfrie kanalar i eksisterande kanalpakke

Som Telia Play kunde kan du velje fleire valfrie kanalar og kanalpakkar. Dette gjer du på Mi side.

Det er opp til deg korleis TV-pakken skal sjå ut. I tillegg til 12 faste kanalar, inneheld TV og Strøyming 50 poeng som du fritt kan bruke til å velje blant eit stort utval av straumetenester og TV-kanalar i alle sjangrar. Du kan endre dine valfrie kanalar så mange gongar du vil.

Slik gjer du:

  • Gå inn på Mi side via enivest.no
  • Logg inn med brukarnamn og passord
  • Klikk på Abonnement og bestillingar
  • Klikk på TV
  • Opne kanalveljaren
  • Vel dei kanalane og tenestene du ønsker
  • Trykk Bekreft valg

Innhaldet blir tilgjengeleg på Nett-TV i løpet av nokre minutt. TV-boksane blir oppdaterte så raskt som mogleg, seinast innan 3 timar frå du Bekreftar valg.

Kjem ikkje kanalane inn, kan du prøve å ta straumen på dekodaren.

Har du brukt opp alle poenga, kan du ta kontakt med kundesenteret vårt og kjøpe 10 eller 20 ekstra poeng.