Byte av eigar

Eit internett-abonnement kan overførast til ein ny eigar. Den nye eigaren må då fylle ut eit skjema.

Det er den som skal ta over abonnementet som må melde dette inn til oss. Eigar av abonnementet kan ikkje inngå avtalar på vegne av andre. Den nye eigaren må betale eit gebyr for denne endringa.

Den nye eigaren kan berre overta internett-abonnementet. Dette har mellom anna med personvern å gjere. Har dagens eigar tilleggstenester frå oss, som breibandstelefon eller Digital-TV, blir ikkje desse overført. Den nye eigaren må kontakte oss for å bestille desse tenestene, og då vil den nye eigaren få eit nytt telefonnummer, og nye TV-dekodarar.

Endringa blir normalt utført innan neste fakturaperiode. Kjem søknaden inn til oss kort tid før neste faktura går ut, kan det vere vi må utsette endringa til neste fakturaperiode etter det igjen. Det kan vere eigar av abonnement får faktura for sitt abonnement sjølv om det er søkt om eigarbyte. Eigar og overtakar kan då avtale betaling av abonnementet seg i mellom.

Den nye eigaren tek over modemet, medan den tidlegare eigaren må returnere anna utstyr til Enivest, utstyr som er nytta til tilleggstenester som til dømes ein TV-dekodar.

Sjå meir om våre priser: tilleggsprodukt og -tenester.