Handtering av koronavirus (Covid-19) i Enivest

Enivest eig og driftar samfunnskritisk infrastruktur og tenester. Vi tek informasjon frå Regjeringa, Helsedirektoratet og Folkehelseinstituttet om smittespreiing på alvor.

På denne sida vil vi framover informere om korleis Enivest handterer koronaviruset, og kva det betyr for deg som kunde.

Oppdatering pr. 18.01.2021

Enivest har revidert kva tiltak som skal gjelde frå måndag 18. januar, og som varer dei to neste vekene, med mindre det ikkje oppstår uventa hendingar i løpet av perioden.

  • Kundemottaket blir opna frå og med i dag, måndag 18 januar, og hovuddøra til Energihuset blir gjenopna.
  • Besøk frå eksterne: Dette må vurderast utifrå geografi og avtalast på førehand. Vi oppfordrar til å nytte digitale møter, men opnar for eksternt besøk dersom dei besøkande kjem frå områder med lite smitteutbrot. Smittevernstiltak med avstand og tal besøkande på ulike møterom må oppretthaldast.
  • Heimebesøk i oppsøkande sal knytt til fiberutbygging (FTH) blir vurdert fortløpande.
  • Tilsette som ønsker å returnere tilbake til kontoret kan gjere dette, men vi må vere nøye med å oppretthalde smittevernstiltaka. Ved symptom på forkjøling må vedkommande halde seg heime.
  • Alle tilsette må unngå unødvendige reiser, også i privat regi.

Vi oppfordrer alle til å følge dei nasjonale retningslinjene: Arbeidsplassen og heimekontor

https://www.helsedirektoratet....

Ta gjerne kontakt med Kundesenteret vårt på e-post: kundeservice@enivest.no, eller på telefon: 57 00 91 00 dersom du har spørsmål til tenestene våre.

Med ønske om ei riktig god arbeidsveke frå oss i Enivest.

Oppdatering pr. 05.01.2021

Folkehelseinstituttet har uttrykt bekymring i forhold til smittesituasjonen i Norge, både lokalt og regionalt. Dette var særleg knyta til sosialt samvær og reising i forbindelse med jule- og nyttårsfeiringa, samt den meir smittsame virusvarianten frå Storbritannia/ Sør-Afrika.

Myndigheitene har kome med nye tiltak for å prøve å unngå ei ny smittebølge. I samband med dette har Enivest sett i verk slike tiltak som varer til ny melding frå myndigheitene kjem, 18. januar:

  • Vi har dessverre ikkje anledning til å ta imot besøk frå eksterne i lokala våre. Kundemottaket vårt i Firdavegen 5 i Førde er no stengt, og vi ber kundar om å ta kontakt med oss på telefon eller e-post.
  • Alle møter som ikke kan gjennomførast digitalt, må utsettast til det er føretatt ny evaluering.
  • Alt oppsøkande sal knytt til fiberutbygging (FTH) er stoppa. I aktive salsområder vil kundar bli kontakta over telefon i staden for heimebesøk.
  • Alle tilsette som kan, skal arbeide frå heimekontor.

Kundar som opplever feil kan ta kontakt med Kundesenteret vårt på e-post: kundeservice@enivest.no, eller på telefon: 57 00 91 00. Ved eskalering av situasjon må ein vere budd på lenger ventetid.

Enivest takkar for di forståing i denne krevjande situasjonen, og vi vil gjere alt vi kan for å møte forventningane dine til oss som normalt.

Oppdatering pr. 16.11.2020

Normal drift i opningstider, i utbygging av fiber og leveransar

For tida har vi stort sett normal drift, og vi har høgt tempo i utbygging av fiber. Der vi må inn til kundane, overheld vi framleis Folkehelseinstituttet sine smittevern anbefalingar som minste standard. Men, vi nemner at grunna usikkerheit knytt til utvikling av smittesituasjonen regionalt, kan vi kome i situasjonar der leveransane blir påverka. Kundemottaket vårt i Firdavegen 5 i Førde, har normal opningstid. Ein del av våre tilsette har framleis heimekontor, men elles er vi like godt tilgjengelege som før pandemien braut ut.

Treng du hjelp med produkta eller tenestene vi har levert, er det berre å ta kontakt med Kundesenteret vårt på e-post: kundeservice@enivest.no, eller på telefon: 57 00 91 00.

Takk for du er kunde hos oss!

Oppdatering pr. 1. april 2020

Framdrift på utbygging av fiber – smittevern

Vi ser at kundane våre er veldig opptatt av å få fiberen i hus, spesielt i disse koronatider. Derfor dagens spørsmål: Korleis påverkar den nasjonale dugnaden som skal redusere spreiinga av koronaviruset (covid-19), Enivest sin utbyggingsaktivitet?

Vi gjer alt vi kan for å fortsette med høgt tempo på utbygginga av fiber. Den siste veka har vi nokon stader vore ramma av kommunale karantenereglar som har gjort det vanskeleg for oss og underentreprenørane våre å levere. Men, her har vi hatt god dialog med kommunelegane og søkt om dispensasjon, og alle søknadane har blitt innvilga. Dei lokale karantenereglane har i nokon grad ført til at entreprenørar har måtte ta på seg andre oppdrag, for å kunne halde folk i arbeid. Dette kan påverke framdrifta i nokre av prosjekta våre, men vi jobbar med saka og håpar å finne gode løysingar for alle partar.

Alt arbeid skjer no utan at vi må inn i kunden sin bustad, og går stort sett som vanleg. Der vi må inn til kunden, overheld vi Folkehelseinstituttet sine smittevern anbefalingar som minste standard. Entreprenørane ringer kundar som skal bli kopla opp i forkant, for å sikre at det er trygt for både kunde og montør å gjennomføre oppkoplinga med omsyn til smitte. Dette har hittil fungert bra, men kan føre til noko forseinkingar. Liv og helse har første prioritet, men vi lovar at vi gjer det vi kan for å kunne levere til kundar som ventar på å få fiber, så snart og trygt som mogleg.

Oppdatering pr. 25. mars 2020

Auka bruk av internett under koronakrisa:

Dei siste dagar har vi sett 115% vekst på dagtid mellom to målepunkt og 9% på kveldstid. Det høyrest mykje ut, men nettet vårt er dimensjonert for å kunne tole langt meir. Dei siste fire åra har vi opplevd dobling i bruk av internettkapasitet kvar 18. månad. Slik situasjonen er no der mange har heimekontor, medan barn, ungdom og studentar er kopla på nettet samtidig og heile dagen i staden for om ettermiddagen eller kvelden, viser betydeleg endring i bruksmønsteret til kundane. Den høge trafikken påverkar ikkje nettkapasiteten til fiberkundane våre.

Til tross for at dei fleste i Enivest har heimekontor, så er vi godt tilgjengelege og har for det meste vanleg drift.

Oppdatering pr. 17. mars 2020

Koronaviruset set heile samfunnet i ein svært krevjande situasjon. Enivest jobbar hardt for å oppretthalde leveransar og for å halde alle tenester oppe, også under det pågåande utbrotet av koronavirus. Leveransar og feilretting kan som følge av situasjonen bli forseinka. Det kan enten vere som følge av forhold hos Enivest, hos underleverandørane våre, eller hos deg som kunde. Dette vil kunne omfatte både leveransar som allereie er bestilte, men ikkje leverte og leveransar som blir bestilte framover. Vi ber om forståing for dette.

Våre prioriteringar vil skje med utgangspunkt i liv, helse og viktige samfunnsinteresser. Vi minner i denne anledning om Enivest sine generelle vilkår for privat- og bedriftsabonnement, der det framgår at Enivest ikkje er ansvarleg for skade, tap, avbrot eller forstyrringar som skuldast force majeure, eller andre forhold som Enivest ikkje har kontroll over. Enivest gjer oppmerksam på at hindringar som følge av koronaviruset, omfattast av nemnde force majeure-bestemmingar.

Oppdatering pr. 12. mars 2020

Vi vil gjere vårt for at utviklinga i epidemien ikkje skal bli auka av aktiviteten vår, samt gjere tiltak for at vi kan ivareta oppgåvene våre.

Tilsette i Enivest er oppmoda om å arbeide frå heimekontor, og enkelte vil uansett måtte gjere det grunna stengte skular og barnehagar. Førebuingane våre er gjort for å ivareta full drift, med mål om å ivareta eit normalt drifts- og servicenivå for alle kundane våre.

Vi stenger kundemottaket vårt i Firdavegen 5, Førde, og ber kundar om å ta kontakt med oss på telefon eller e-post. Reise og møteaktivitet er avgrensa til eit minimum, og vi har iverksett ei rekke tiltak knytt til generelle førehandsreglar for å unngå smittespreiing. Entreprenørar som gjennomfører oppkopling av fiberkundar for oss, vil også kunne bli ramma av situasjonen. På sikt vil det kunne påverke leveransekapasiteten vår. Alt oppsøkande sal knytt til fiberutbygging (FTH) er stoppa frå i dag av. I aktive salsområder vil kundar bli kontakta over telefon i staden for heimebesøk.

Kundar som opplever feil kan ta kontakt med Kundesenteret vårt på e-post: kundeservice@enivest.no, eller på telefon: 57 00 91 00. Ved eskalering av situasjon må ein vere budd på lenger ventetid.

Enivest takkar for forståinga di for situasjonen, og vil gjere alt vi kan for å møte forventningane dine til oss som normalt.