Viktig informasjon

På denne sida vil vi framover informere om fiberutbygging i Kjølsdalen.

Enivest gleder seg over at du vil vere kunde hos oss. Det er kjekt at du vil vere med oss i utbygging av eit framtidsretta fibernett. Saman utviklar vi samfunnet vårt.

Dette prosjektet er delt inn i to delar.

Del 1: I denne delen skal det gjennomførast gravearbeid, legging av røyr, trekking av kablar og montering av skåp.
Del 2: I denne delen av prosjektet skal det gjennomførast skøytearbeid og kundeleveransar.

Enivest har inngått avtale med GS-Maskin AS om del 1 av prosjektet. Fiber entreprenør som skal utføre del 2, er ikkje valt på noverande tidspunkt, men det vil bli tatt ei avgjerdsle når del 1 nærmar seg ferdigstilt.

Hovud- og graveentreprenør: GS-maskin AS
Fiberentreprenør/kundeinstallasjon: Ikkje valt pr. no
Kundeinstallasjon: Ikkje satt

Kontaktinformasjon vedk. graving er GS-Maskin AS: Tlf. 46 70 89 09 (kl. 08:00 - 16:00) / E-post: kunde@gs-maskin.no

Status pr. 23.09.22

I desse dagar er graventreprenøren vår GS-Maskin, godt i gang med avklaringar rundt framføring av fiber i området. Arbeidet med å skaffe løyver vil fortsette parallelt med arbeidet. Gravestart er planlagt frå og med neste veke, og gravinga vil skje i vekene framover. Har du spørsmål knytt til kvar røyret kjem inn mot tomta di, kan du kontakte GS-Maskin direkte, når dei er i gang. Dersom du lurer på korleis grave ned røyret på eigen grunn, kan du sjå vedlegget vi sendte med forrige informasjonsbrev, eller trykke på linken mot toppen av denne nettsida.

Status pr. 23.06.22

Det blir arbeidd med å skaffe løyver og førebu oppstarten. Meir informasjon kjem etter kvart.