Viktig informasjon til deg som har bestilt fiber

Vi har samstilt informasjon som kan vere nyttig for deg.

Last ned gravefoldar
Les meir om fiberutbygging

Må eg grave sjølv?

Inn til tomtegrensa di blir fiberen levert via nedgravde røyr, men i enkelte tilfeller via luftnettet (stolpar). Frå tomtegrensa og inn til huset ditt må fiberkabelen alltid gravast ned, og det lyt du gjere sjølv. Vi legg ein rull med trekkerøyr ved grensa som du brukar vidare frå tomtegrensa og inn til huset ditt. Avklar med entreprenør kor grøfta skal gå, før du byrjar å grave. Informasjon om korleis du går fram finn du under den oransje knappen over: "Last ned gravefoldar".

Når tid kan eg forvente å kome på nett?

Tida det går frå det er bestemt at eit felt skal utbyggast til det er ferdigstilt kan variere i omfang. Spesielt ver- og grunnforhold som ein ikkje rår over kan påverke utbygginga. I nokre tilfelle kan behandlingstid av avtaler med eksterne aktørar ta lengre tid enn planlagt. Informasjon om framdrift i utbygginga vil du finne på ei eiga nettside for prosjektet.

Når kjem montør som skal kople opp utstyr heime hos meg?

Montøren tar direkte kontakt med deg for å avtale tidspunkt for oppkopling.

Dersom du må endre tidspunkt, avtal dette direkte med montørselskapet. Kontaktinformasjon til prosjektleiar finn du på ei eiga nettside for prosjektet under punktet «Viktig informasjon om utbygging», samt i eige informasjonsskriv frå Enivest.

Kva utstyr får eg og når?

Montøren vil ha med seg nødvendig utstyr. Har du bestilt TV frå Telia hos oss, tar montøren også med TV-dekodar.

Tips om plassering av ruter

Plassering av rutaren kan bety mykje for stabilitet på heimenettverket ditt. Har du dårleg dekning, bør du vurdere ei anna plassering.

  • Ein trådlaus ruter bør plasserast høgt: Plasser den gjerne på veggen, øvst i ei bokhylle, oppå eit skåp eller tilsvarande. Sett den aldri på golvet, og heller ikkje inne i eit skåp. Heng den nærmast mogleg der du er mest på nett.
  • La ruteren få ein sentral plass i heimen: Bur du i einebustad over to plan, bør rutaren stå i øvste etasje, går bustaden din over tre plan bør den stå høgt i den midterste etasjen. Dette for at signala skal nå fram til så mange rom som mogleg. Hugs at færrast mogleg hindringar og kortast avstand gir dei beste signala.
  • Test ulike plasseringar: Du kan prøve å heve rutaren og snu litt på den for å sjå om det hjelper. Tjukke veggar eller golv, golv-varme og andre element kan gjere reisa for dei trådlause signala vanskelegare. Rett plassering kan faktisk utgjere ein stor forskjell på surfeopplevinga i heimen din.

Tips: Trådlause telefonar, babycalls, microbølgeomnar og anna trådlaust utstyr bør ikkje stå i nærleiken av rutaren, då dette kan hindre spreiing av signala.

TV frå Telia - etter ditt ønske

Har du bestilt Telia Play kan du glede deg til å få tilgang til Norges mest fleksible og innhaldsrike TV-pakke. Med vår strøymeteneste, Telia Play app og Telia box er du sikra den beste brukaropplevinga. Du får ei verd av moglegheiter, og kan sette saman eit TV tilbod som er skreddarsydd for deg. No også med tilgang til HBO Nordic, Viaplay og Eliteserien.

Vel det du vil, kor du vil, når du vil.

Les meir om TV frå Telia her: enivest.no/tv

Har du gløymt å bestille Telia Play? Kontakt oss på 57 00 91 00.

Nett-TV og Telia Play app

Frå du blir oppkopla får du også fri tilgang til store delar av abonnementet ditt via ein eigen Telia Play app eller via Nett-TV på teliaplay.no. Tenestene er tilgjengeleg på mobil og nettbrett til iPhone og Android-einingar (opptil 2 einingar samstundes), og har støtte for Chromecast og AirPlay.

Følg nyheitene, leit i arkivet eller sjå favorittserien din. Kvar som helst i Norge, så lenge du har tilgang til internett. Heime, på hytta, på bussen, over alt - framtidsretta og genialt!

Mi side på enivest.no

Kanalveljar, abonnement & bestilling, faktura med meir! På Mi side har du oversikt over ditt kundeforhold med Enivest. Du kan mellom anna velje kanalar og andre tenester inn og ut av TV-abonnementet ditt, sjå på alle fakturaer, abonnement og bestillingar. Her endrar du profil og kontaktinformasjon, legg til nye e-postbrukarar med meir.

Slik loggar du inn på Mi side:

  • Gå inn på enivest.no og klikk på fana som heiter Mi side
  • Skriv inn Brukarnamn (e-postadressa di) og Passord under Mi side
  • Har du ikkje har brukt Mi side før, klikk på Registrer deg
  • Skriv inn Brukarnamn (e-postadressa di)
  • Klikk på Få SMS – Koden får du tilsendt på det mobilnummeret som er registrert hos oss
  • Ved innlogging lagar du deg eit nytt passord (minst 8 teikn)

For å gjere endringar i innhald i TV-abonnementet ditt, trykk på TV i menyen på Mi Side, og deretter Opne kanalveljaren. Her kan du endre innhald i abonnementet ditt – når du vil, og så ofte du vil!

Premium WiFi

Opplever du at nettet er tregt når mange i familien brukar strøymetenester eller liknande etter oppkopling? Då kan det vere du treng eit kraftigare WiFi-nett.

Avstand, veggar og etasjeskiljer svekkar WiFi-signala og utfordringane blir forsterka når strøymetenester for film og spel er i bruk. Eit forsterka WiFi-nettverk med betre dekning og større kapasitet vil gi deg ein betre nettkvardag. Om du ikkje allereie har bestilt, anbefaler vi Bustadpakken Premium WiFi med 3 trådlause boksar for optimal yting. Den skal vere nok til å gi full dekning i dei aller fleste bustader. Har du veldig stort hus eller ønsker dekning i for eksempel garasje, kan du trenge 1 eller 2 tilleggsboksar.

Har du behov for betre trådlaus dekning i heimen? Kontakt oss på 57 00 91 00 eller bestill her: enivest.no/miside


5 smarte tips for betre WiFi - Slik kan du sjølv sikre deg betre kvalitet:

PLASSERING AV RUTER

  • Sentral og fri plassering, gjerne litt opp frå golvet.
  • Vekk i frå elektrisk utstyr som TV, mikrobølgeomn og sikringsskåp.

SLÅ AV WIFI DER DET IKKJE TRENGST

  • Slå av WiFi på ting som er sjeldan i bruk.
  • Eldre mobilar, nettbrett og PC-ar tek mykje kapasitet

BRUK KABEL DER DET TRENGST

  • Kabel er beste løysinga ved behov for høg kapasitet og stabilitet, som t.d. strøyming og store nedlastingar.

OPPDATERT UTSTYR

  • Hald einingane dine (mobil, nettbrett og PC-ar mm.) oppdaterte, slik at utstyret verkar som det skal.

Meir om fiberutbygging

Det kan ta lang tid frå det er bestemt at det skal byggast fibernett i eit område, og til du som kunde kan ta i bruk ditt superraske nett. Når avgjersla er teken startar ein omfattande planleggingsprosess med å gjere klart til utbygging. Og det er ofte denne planleggingsfasen som tar lengst tid. På same tid startar prosessen med å velje entreprenør som skal utføre arbeidet for oss.

Det er mange løyve som må på plass før vi kan starte med sjølve utbygginga. Vi må ha løyve frå grunneigarar som kan vere alt frå privatpersonar til kommunar, fylke, Statens Vegvesen eller Kystverket. I mange områder nyttar vi eksisterande infrastruktur som straumstolpar, telefonstolpar, telemaster eller røyr i bakken for å få fram fiber. Då må vi søke eigarane om lov til å bruke til dømes straumstolpane. Nokre gonger må også infrastrukturen utbetrast av eigar før vi kan ta den i bruk. Straumstolpar og telefonstolpar har gjerne stått ein del år, og vestlandsregnet tærer på trevirket.

Når alle dei forberedande løyva er på plass og det nærmar seg oppstart av utbygginga må vi søke om tillating til å grave, samt få påvising for kvar i bakken det ligg kablar, som datakablar eller straumkablar. Det er no bestemt kvar fibersentralen skal stå. Her kjem hovudfiberen inn og dette er sjølve knutepunktet for alle fibertrådane som skal ut til kvar enkelt kunde. Kvart hus får ein eigen fibertråd, og vi legg fram fiber til alle tomtegrenser. Dersom det skal gravast inne på di tomt, så er det du som har ansvaret for det. Her kan du lese meir om graving.

No er det endeleg klart for å få superraskt nett i hus! Ein montør vil ringe deg for å avtale når tid han kan kome å kople til din heimesentral. Du og montøren vert einige om kvar heimesentralen skal plasserast.