Viktig informasjon

På denne sida vil vi framover informere om fiberutbygging i Holvik.

Enivest gleder seg over at du vil vere kunde hos oss. Det er kjekt at du vil vere med oss i utbygging av eit framtidsretta fibernett. Saman utviklar vi samfunnet vårt.

Dette prosjektet er delt inn i to delar.

Del 1: I denne delen skal det gjennomførast gravearbeid, legging av røyr, trekking av kablar og montering av skåp.
Del 2: I denne delen av prosjektet skal det gjennomførast skøytearbeid og kundeleveransar.

Enivest har inngått avtale med GS-Maskin AS om del 1 av prosjektet. Fiber entreprenør som skal utføre del 2, er ikkje valt på noverande tidspunkt, men det vil bli tatt ei avgjerdsle når del 1 nærmar seg ferdigstilt.

Hovud- og graveentreprenør: GS-maskin AS
Fiberentreprenør/kundeinstallasjon: Ikkje valt pr. no
Kundeinstallasjon: Ikkje satt

Kontaktinformasjon vedk. graving er GS-Maskin AS: Tlf. 46 70 89 09 (kl. 08:00 - 16:00) / E-post: kunde@gs-maskin.no

Status pr. 08.09.22

Graveentreprenøren vår GS-Maskin, vil sette i gang med arbeid i feltet i veke 39. For aksessnettet har vi tenkt å nytte eksisterande rør i feltet, i tillegg til å grave ned nye rør der det er behov. Det blir eit omfattande arbeid, og parallellt med dette skal vi utføre all jobbing samtidig som dagens nett er oppe i full drift. Vi planlegg levering av alle bestillingar innan utgangen av 2022.

For levering av kvar bestilling vil vi som sagt, nytte eksisterande rør inn til bustaden dersom dette er tilgjengeleg og let seg gjere. Alternativt vil GS-Maskin grave inn til bustaden din for hand.

Status pr. 08.04.22

Det blir arbeidd med å skaffe løyver og førebu oppstarten. Meir informasjon kjem etter kvart.