Fiber i Hjelmelandsdalen - Harpefossen

Enivest held på å bygge eit nytt TV- og breibandsnett basert på fiberteknologi. Under finn du informasjon om framdrift i utbyggingsprosjektet.

Klikk her for meir fiberinfo

Viktig informasjon

På denne sida vil vi framover informere om fiberutbygging i området Hjelmelandsdalen og Harpefossen.

Enivest gleder seg over at du vil vere kunde hos oss. Det er kjekt at du vil vere med oss i utbygging av eit framtidsretta fibernett. Saman utviklar vi samfunnet vårt.

Hovudentreprenør: BKK Enotek AS
Prosjektleiar: Jan Erik Sandal, tlf. 47 50 15 15 / jan.sandal@bkk.no
(telefonar blir besvart på dagtid i tidsrommet 08:00-15:00)
Graveentreprenør: GS-Maskin
Oppstart prosjekt: 05.03.2021
Kundeinstallasjon Hjelmelandsdalen: 19. april - 12. mai 2021
Kundeinstallasjon Harpefossen hyttefelt: Ny informasjon kjem innan kort tid

(OBS! Gravinga i hyttefeltet er planlagt våren 2021, dvs. at BKK Enotek ikkje kan svare på henvendingar om kundegraving inntil løyver og endelege traséar er på plass).

Status pr. 11.10.21

Vi beklagar at det har tatt lang tid sidan førre konkrete oppdatering vedk. fiberutbygginga i Harpefossen hyttefelt. Som de kan sjå frå førre oppdatering, har vi vore nøydde å omprosjektere feltet og finne nye framføringsvegar for fiberen. Dette er eit omfattande arbeid som har teke lenger tid enn vi ønskte.

Per i dag har vi fått på plass det vi treng for at entreprenøren vår, BKK Enotek, kan utarbeide ein ny framdriftsplan for utbygging og oppkopling av alle som har bestilt. Vi sender ut ny informasjon til dykk så snart ny framdriftsplan føreligg. Under prosess med synfaring i hyttegrenda vart det avklart føringsveg for fiber med tanke på best mogleg framdrift, og minst mogleg kryssing av hovudveg. I områder der vi har planlagt å føre fram fiber over nokon sin grunn, vil kvar grunneigar bli kontakta direkte av entreprenør for løyve. Vi ber om velvilje i denne delen av arbeidet, slik at vi kan sikre raskast mogleg framdrift.

Vi må vere klar på at vinteren nærmar seg raskt, og med det stopp i framdrift av graving og blåsing av fiber. Vi kan difor ikkje garantere leveringstid før vinteren på dykk som no ventar.

Status pr. 13.09.21

Grunna uforutsette utfordringar rundt framføring av fiber i Harpefossen hyttefelt, har vi vert nøydde til å utføre ny synfaring og omprosjektering av området. Dette arbeidet har vert pågåande samtidig som vi har bygd ut Hjelmelandsdalen, og vi er snart i mål med oppdatert plan. Vi kjem til å sende ut oppdatert informasjon om tid for oppkopling, når vi har mottatt ein fersk framdriftsplan frå entreprenør.

Status pr. 11.05.21

Vi har begynt å levere kundar i Hjelmelandsdalen, og vi følger den siste framdriftsplanen.

Status pr. 14.04.21

Oppstart av kundeinstallasjonar i Hjelmelandsdalen vart litt utsett på grunn av koronasituasjonen. Gravinga og for det meste anna arbeid, er vi klare med der. Sjå ny dato for Hjelmelandsdalen over. Vi håpar å halde oppsett plan i Harpefossen hyttefelt.

Status pr. 31.03.21

På grunn av auka smittesituasjon i nærområdet vårt og myndigheitene sine anbefalingar om smitteverntiltak, er det bestemt å utsette kundeinstallasjonar del 1 (Hjelmelandsdalen) i 2 veker. Det betyr oppstart av kundeinstallasjonar ca. 20. april. Elles har det blitt jobba godt i feltet med kabling og anna arbeid.

Status pr. 16.03.21

Vi jobbar no med å få lys fram til noden, og vi har snart eit samanhengande nett. Vi satsar på å kome i gang med kundeleveransane etter påske, og det ser ut til at vi skal klare å halde planen med oppstart 6. april.

Status pr. 02.03.21

Det er framleis snø i traseen som vi skal grave over, men den har minka. Vi har eit håp om å få samanhengande nett til noden innan kort tid, om veret held seg mildt. Elles blir det jobba godt i feltet med kabling og anna arbeid som er mogleg å utføre.

Status pr. 16.02.21

Montørane jobbar i feltet med å henge opp kablar i stolpar og anna fiberarbeid som er mogleg å utføre, i det kalde vinterveret med frost og snø. Den lange frost perioden har gjort sitt til at det er vanskeleg å grave. Det gjenstår derfor litt gravearbeid før vi får kontakt med noden, slik at den kjem i drift.

Status pr. 12.02.21

Vi har no fått konkret framdriftsplan, sjå datoar over.

Status pr. 02.02.21

Vi venter framleis på konkret framdriftsplan, men vi held på med div. arbeid i feltet som å sette på plass fibersentralen.

Status pr. 27.10.20

Entreprenøren held på med diverse avklaringar i feltet, og vi ventar på endeleg framdriftsplan. Så snart den er på plass, legg vi ut forventa dato på kundeinnstallasjon.

Status pr. 14.04.20

På grunn av situasjonen med koronaviruset (Covid-19), blir det sannsynlegvis endringar i kundeleveransane framover. Vi viser til meir informasjon her.

Status pr. 05.03.20

Vi har inngått avtale med BKK Enotek AS. Dei blir hovudentreprenør for området. BKK Enotek AS har starta opp arbeidet med undersøkingar i feltet. I utbygginga er vi i store delar avhengige av å nytte fellesføringar (netteigar sine stolpar) for å føre fram fiber. Løyver som er nødvendige for framføring av fiber må difor på plass, og alt arbeid knytt til eventuell utbetring av stolpar som skal nyttast må vere ferdig. Det vil på desse sidene komme dato for oppstart av kundeinstallasjonar og vidare framdrift, når vi har fått tidspunkt for klarert stolpenett frå eigarane. Salet i feltet er starta.

Status pr. 19.02.20

Enivest er i ferd med å hente inn løysingsforslag for utbygginga og tek sikte på å signere kontrakt med Entreprenør i løpet av Januar 2020. Når dette er på plass vil vi på denne sida legge ut informasjon om kontaktpersonar og meir detaljert informasjon om framdrift.

Oppstart av prosjektet er estimert til februar-mars 2020. Vi reknar med at kundeleveransane kan starte tidlegast i Q4, og vil halde fram til Q3-2021.