Fiber i Heggjabygda

Enivest held på å bygge eit nytt TV- og breibandsnett basert på fiberteknologi. Under finn du informasjon om framdrift i utbyggingsprosjektet.

Klikk her for meir fiberinfo

Viktig informasjon

På denne sida vil vi framover informere om fiberutbygging i Heggjabygda.

Enivest gleder seg over at du vil vere kunde hos oss. Det er kjekt at du vil vere med oss i utbygging av eit framtidsretta fibernett. Saman utviklar vi samfunnet vårt.

Dette prosjektet er delt inn i to delar.

Del 1: I denne delen skal det gjennomførast gravearbeid, legging av sjøkabel, montering av skåp/kum, legging av røyr og blåsing av fiberkabel i aksessnettet.
Del 2: I denne delen av prosjektet skal det gjennomførast skøytearbeid og kundeleveransar.

Enivest har inngått avtale med GS-Maskin AS om del 1 av prosjektet. Fiber entreprenør som skal utføre del 2, er ikkje valt på noverande tidspunkt, men det vil bli tatt ei avgjerdsle snarleg.

Hovud- og graveentreprenør: GS-maskin AS
Fiberentreprenør/kundeinstallasjon: Ikkje valt
Oppstart av arbeid i feltet: Ikkje satt
Kundeinstallasjon: Ikkje satt

Kontaktperson er Terje Pettersen i GS-Maskin, tlf. 90 92 33 37 (kl. 08:00 - 16:00) / kunde@gs-maskin.no. Ta kontakt med han om du har spørsmål vedkommande graving og framføring av kablar.

Status per 11.10.21

Entreprenøren har starta med gravearbeidet i feltet, og det arbeidet vil halde på ei stund framover. Vi håpar at gravinga skjer til minst mogeleg ulempe for oppsittarane.

Etter kvart som ein arbeider seg framover, vil vi legge fiberrøyret til huset ditt igjen ved tomtegrensa. Vi ber om at du så snart som mogeleg grev dette inn til husveggen din. Om du ønsker at grave-entreprenøren vår (GS-Maskin AS) skal grave dette for deg, kan dei tilby dette for kr 3750,- (inntil 50 m).

Status per 13.09.21

Det blir arbeidd med å skaffe løyver og førebu oppstarten. Meir informasjon kjem etter kvart.