Fiber på Grimset og Kvamme

Enivest held på å bygge eit nytt TV- og breibandsnett basert på fiberteknologi. Under finn du informasjon om framdrift i utbyggingsprosjektet.

Klikk her for meir fiberinfo

Viktig informasjon

På denne sida vil vi framover informere om fiberutbygging på Grimset og Kvamme.

Enivest gleder seg over at du vil vere kunde hos oss. Det er kjekt at du vil vere med oss i utbygging av eit framtidsretta fibernett. Saman utviklar vi samfunnet vårt.

Dette prosjektet er delt inn i to delar.

Del 1: I denne delen skal det gjennomførast gravearbeid, legging av røyr, montering av skåp etc. Det skal ikkje gjennomførast skøytearbeid eller kundeleveransar.

Del 2: I denne delen av prosjektet skal det gjennomførast skøytearbeid og kundeleveransar.

Graveentreprenør: GS-Maskin
Fiberentreprenør: BKK Enotek AS
Prosjektleiar: Geir-Ole Berg
Prosjektstart: 15. februar 2021
Førebels kundeinstallasjon: Start i midten av august 2021

Ta kontakt med BKK Enotek AS om du har spørsmål vedk. kundeinstallasjon, tlf. 47 50 15 15 (telefonar blir besvart på dagtid i tidsrommet 08:00-15:00).

Status pr. 11.10.21

Vi startar med kundeleveransane denne veka (veke 41), og vi ber igjen om at dei som ikkje har utført eigeninnsatsen med graving inn til husveggen, gjer dette så snart råd. Planen er at vi skal vere ferdige med alle kundeleveransane i løpet av veke 46.

Status pr. 13.09.21

GS-Maskin er ferdige med gravearbeidet i feltet og BKK Enotek er bestilt. Slik det ser ut no er forventa oppstart av kundeleveransane 01. oktober, altså litt etter oppsett plan. Minner om at eigeninnsats må vere gjennomført innan onsdag 22. september.

Status pr. 08.09.21

Vi startar no opp med del 2 i feltet – «Skøytearbeid og kundeleveransar». BKK Enotek AS er valt som fiberentreprenør og dei vil fortløpande ta kontakt og avklare tidspunkt for kundeinstallasjon. Det er viktig at graving på eigen tomt blir ferdigstilt så snart som råd, og innan 22.09.21.

Status pr. 11.05.21

Vi er blitt litt forseinka på grunn av seint snøfall og koronarestriksjonar. Gravearbeidet starta i forrige veke, så no blir det full fres med graving framover. Det blir sannsynlegvis ikkje oppstart av kundeinstallasjonar før etter sommarferien.

Status pr. 27.04.21

Snøen er smelta, og vi har starta med gravinga på Kvamme denne veka.

Status pr. 14.04.21

Gravinga blir litt utsett på grunn av det siste snøfallet som kom no. Vi skulle eigentleg starte 6/4, men vi får ikkje starte opp før 19/4, altså veke 16. Det vil føre til at kundeinstallasjonane også blir litt forseinka. Oppstart vil bli utsett til i starten på juni.

Status per 16.03.21

Vi er blitt forseinka med oppstart av graving, og planen no er å starte rett etter påske. Det vil bli arbeid med gravinga i nokre veker framover, deretter startar vi på del 2. Slik det ser ut no blir det oppstart av kundeinstallasjonane i slutten av mai.

Status per 02.03.21

Enivest har inngått avtale med GS-Maskin for utbygging av fibernett i Grimset og Kvamme område. GS-maskin skal stå for gravearbeidet, viser til del 1. Så snart del 1 er ferdig, vil vi engasjere fiberentreprenør til å gjennomføre del 2. Meir detaljert informasjon om framdrifta kjem etter kvart.