Fiber i Gaular (Foss, Øvrestrond, Hestebeit)

Enivest held på å bygge eit nytt TV- og breibandsnett basert på fiberteknologi. Under finn du informasjon om framdrift i utbyggingsprosjektet.

Klikk her for meir fiberinfo

Viktig informasjon

På denne sida vil vi framover informere om fiberutbygging i Foss, Øvrestrond og Hestebeit. 

Enivest gleder seg over at du vil vere kunde hos oss. Det er kjekt at du vil vere med oss i utbygging av eit framtidsretta fibernett. Saman utviklar vi lokalsamfunna.

Entreprenør: Sunnfjord Energi
Prosjektleiar: Jan Halvor Storkås , tlf. 952 53 921 / jan.halvor.storkas@sunnfjordenergi.no
Prosjektstart: Innan 01.08.2018
Kundeinstallasjon: 16.11-2018 - 31.05.2019

Kontakt prosjektleiar om du har spørsmål vedkommande graving av grøft for levering av fiber til heimen din.

Ver merksam på at brukarfinansiering på kr 7.000,- kjem i tillegg til etableringsprisen frå Enivest AS. Beløpet blir fakturert direkte av Gaular kommune. Ta kontakt med kommunen om du ønsker meir informasjon.   

Status per 28.06.19

Vi er no inne i sluttfasen, og kjem til å levere dei siste kundane fortløpande. Dei som vi ikkje får levert no, blir leverte seinare som etterbestillingar. Det blir sluttbefaring i feltet innan kort tid. Eventuelle feil og manglar vert utbetra, og prosjektet kan deretter avsluttast.  

Status per 13.06.19

Det gjenstår 15 kundar i feltet, men dei blir leverte fortløpane. Deretter blir det sluttbefaring, og prosjektet kan avsluttast innan kort tid.  

Status per 16.05.19

Prosjektet er inne i avsluttande fase. Det gjenstår 10 kundar å levere, men desse håpar vi kan leverast innan kort tid. Deretter blir det synfaring i feltet. Eventuelle feil og manglar vert utbetra, og prosjektet kan avsluttast. 

Status per 06.05.19

Arbeidet går etter planen, og kundar blir leverte fortløpande. Vi oppfordrar framleis dei kundane som ikkje er leverte til å gjere eigeninnsatsen med graving, for å sikre levering i oppkoplingsperioden.  

Status per 04.04.19

Vi minnar om at ein må ferdigstille eventuell graving på eigen tomt snarast mogeleg. Dette for å sikre levering i oppkoblingsperioden. 

Status per 19.03.19

Slik det ser ut no, ligg vi framleis godt an i forhold til oppsett framdriftsplan.. 

Status per 07.02.19

Vi er godt i gang med kundeinstallasjonar, og alt går etter framdriftsplanen. 

Status per 24.01.19

Vi har fått ny framdriftsplan, og slik det ser ut no vil kundeinstallasjonar starte i veke 5. Leveransane vil fortsette fram mot 31.05, som er sett som sluttdato på prosjektet. 

Status per 12.12.18

Entreprenør har planer om å strekke fiber-kablar i lufta første halvdel av desember 2018. Dato for første kundeinstallasjon er noko utsatt, men målet er no å starte kundeleveransane i veke 2-3 i 2019. 

Status per 25.10.18

Graving i feltet har starta opp. Vi er avhengige av at fellesføringane er på plass, for at arbeidet skal gå etter framdriftsplanen. Slik det ser ut no, er det god framdrift her. 

Status per 02.10.18

Vi er dessverre forseinka med oppstart av prosjektet, då vi har fått nokre utfordringar vedkommande fellesføringar (netteigar sine stolpar). Det blir jobba godt med å finne løysing på dette.

Status per 14.09.18

Status uendra.

Status per 15.08.18

Vi har valt entreprenør i feltet, og det blir Sunnfjord Energi. Prosjekt er i gang, og entreprenøren har starta arbeidet med innhenting av graveløyver og søknader for fellesføringar (utbetring av netteigar sine stolpar). 

Status per 02.07.18

Status uendra. 

Status per 30.05.18

Vi har fått svar på anbod frå entreprenørane, og vi held på med anbodsanalyse og forhandlingar.

Status per 09.05.2018

Prosjektet er i gang, og vi ventar på anbodssvar ifrå entreprenør.