Fiber til grendene ved Førdefjorden

Enivest held på å bygge eit nytt TV- og breibandsnett basert på fiberteknologi. Under finn du informasjon om framdrift i utbyggingsprosjektet.

Klikk her for meir fiberinfo

Viktig informasjon

På denne sida vil vi framover informere om fiberutbygging i grendene ved Førdefjorden i Askvoll kommune.

Enivest gledar seg over at du vil vere kunde hos oss. Det er kjekt at du vil vere med oss i utbygging av eit framtidsretta fibernett. Saman utviklar vi samfunnet vårt.

Dette prosjektet er delt inn i to delar.

Del 1: I denne delen skal det gjennomførast gravearbeid, legging av røyr, trekking av kablar og montering av skåp.
Del 2: I denne delen av prosjektet skal det gjennomførast skøytearbeid og kundeleveransar.

Enivest har inngått avtale med GS-Maskin AS om del 1 av prosjektet. Val av entreprenør for arbeidet i del 2, er ikkje gjort enno.

Hovud- og graveentreprenør: GS-Maskin AS
Fiberentreprenør/kundeinstallasjon: Ikkje valt
Oppstart av arbeid i feltet: 01.07.2021
Oppstart kundeinstallasjon: 30.10.2021 (estimert)

Kontaktperson i GS-Maskin er Terje Pettersen, tlf. 90 92 33 37 (kl. 08:00-16:00) / kunde@gs-maskin.no. Ta kontakt med han om du har spørsmål vedkommande graving og framføring av kablar.

Status pr. 11.10.21

Med unntak av området Skorve er gravinga ferdig. Det same gjeld for trenching/kryssing av vegane. Det pågår no blåsing/trekking av kablar i røyra. Når det gjeld sjøkablane, arbeider vi endå med å få alle løyver på plass.

Status pr. 13.09.21

Trenching pågår, og dette arbeidet blir ferdig denne veka. Vi reknar med å starte kundeinstallasjonane etter oppsett plan.

Status per 01.09.21

Etter at vi starta graving av fibergrøfter tidleg i juli, har det vore stor aktivitet i feltet. Pr. no er ca. 22 km grøfter gravd! Vi nærmar oss slutten på denne delen av prosjektet, og reknar med å vere heilt ferdige med dette om ca. 3 veker.

Denne veka startar vi også «mikro-trenching», dvs. skjering i asfalt i samband med vegkryssingar. Vi får då kopla saman alle fiberrøyra. Dette vil pågå dei neste 2 vekene.

Det er no viktig at du som kunde grev ned fiberrøyret som er lagt på tomtegrensa di, inn til husvegg, slik at også kundekablane kan bli ført fram.

Det som vidare vil skje er at fiberkablane blir blåst inn i røyra og lagt klare i skåp og kummar rundt om. I løpet av september reknar vi med at dette er gjort.

Så snart vi har alle løyver på plass, skal det leggast sjøkablar på strekningane Flokenes-Skorve og Skorve-Hegrenes. Dette vil binde saman dei ulike grendene i feltet.

Når alt dette er gjort, vil vi skøyte saman kablane og starte leveransen av kundane. Slik det ser ut no, vil dei første kundane vere på nett i slutten av oktober. Dette vil først skje i Flokenes-området.

Status per 24.06.21

Det blir arbeidd med å skaffe løyver og førebu oppstarten.