Fiber i Eidsbygda - Taklo

Enivest held på å bygge eit nytt TV- og breibandsnett basert på fiberteknologi. Under finn du informasjon om framdrift i utbyggingsprosjektet.

Klikk her for meir fiberinfo

Viktig informasjon

På denne sida vil vi framover informere om fiberutbygging i området Eidsbygda og Taklo.

Enivest gleder seg over at du vil vere kunde hos oss. Det er kjekt at du vil vere med oss i utbygging av eit framtidsretta fibernett. Saman utviklar vi samfunnet vårt.

Entreprenør: Com-Net AS
Prosjektleiar: Ragnhild Ølnes, tlf. 93 49 52 62
Oppstart av arbeid i feltet: 18.02.2020
Kundeinstallasjon:
Sone 1, Eidsbygda: 27.10.2020 - 15.01.2021 (Ny dato: 06.01.2021 – 31.05.2021)
Sone 2, Eidsbygda/Taklo: 11.01.2021 - 31.03.2021 (Ny dato: 19.04.2021 - 06.08.2021)
Ny dato for dei som bur vest for Skipenes bru: 15.08.21 - 30.09.21

Status pr. 11.10.21

Vi nærmar oss slutten på utbygginga av Eidsbygda feltet, men vi har støtt på nokre uforutsette utfordringer som gjer at vi må forskyve sluttdato noko. Vi jobbar no mot å ferdigstille alle installasjonar innan 15.10.2021.

Status pr. 13.09.21

Alle som gjenstår no både i sone 1 og 2, blir kopla opp innan veke 39, altså innan 30.09.21.

Status pr. 11.05.21

Stad kommune har vore råka litt av korona, som igjen har ført til noko avgrensningar i kapasiteten hos undreentreprenørane våre. I tillegg så har det vore ein del store snøfall seint på vinteren/våren som har hatt betydning for gravinga, spesielt vest for Skipenes bru, nærmare bestemt Os og Taklo. Her har vi og måtte venta på eit fellesprosjekt med omlegging av graving ved brua, så kundane vil ikkje bli leverte i dette området før i august/september.

Sone 1: Her går leveringane som planlagt.
Sone 2: Dei som bur vest for Skipenes bru får litt seinare levering enn først planlagt. Sjå ny dato over.

Status pr. 27.04.21

No har snøen smelta, og vi er i full gang med med gravinga igjen. Når det gjeld kundeleveransane, så satsar vi på å følge den nye planen. Sjå over.

Status pr. 14.04.21

På grunn av ein lang vinter og nye snøfall den siste tida, så har det blitt forseinkingar i feltet. Vi måtte utsette gravinga i ein periode, noko som har ført til forskyving av framdrift og kundeinstallasjonar. Oppdatert framdriftsplan er klar, sjå ny dato for begge sonene over.

Status pr. 16.03.21

Vi er komne i gang igjen med gravinga, og det vil bli ein del arbeid med dette før vi kan starte å levere til kundar. Vi ventar på ny framdriftsplan i forhold til dato for kundeleveransane.

Status pr. 02.03.21

Snøen og frosten som har vore tidlegare i vinter, gjorde det vanskeleg med leveransane. Mildveret dei 2 siste vekene har hjelpt på, og vi vil i slutten av veka vurdere om det er mogleg å kome i gang igjen med gravinga. No jobbar vi parallelt i begge sonene, med det vi kan gjere. Den kalde vinteren kan ha ført til nye forseinkingar i kundeleveransane - nye datoar kjem i så fall.

Status pr. 16.02.21

Montørane jobbar i feltet med å henge opp kablar i stolpar og anna fiberarbeid, som er mogleg å utføre i vinterveret. På grunn av frost og snø, vil det i ein periode vere vanskeleg å gjennomføre kundeleveransar.

Status pr. 02.02.21

Ifølge ny godkjent framdriftsplan er oppkopling for resterande kundar, både i sone 1 og sone 2 endra. Sjå nye datoar over. Vi gjer obs på at vi er inne i ein kuldeperiode med frost og snø, så det kan bli vanskeleg å levere i ein periode framover.

Status pr. 05.01.21

Vi held på med kundeinstallasjonar i sone 1, og vi fekk levert ein god del før jul. I sone 2 held vi oppsett plan, med oppstart ut på nye året.

Status pr. 27.10.20

Det er god framdrift i sone 1, og vi startar med dei første kundeleveransane i dag, 27. oktober.

Status pr. 13.10.20

Sone 1: Vi klargjer for å starte med kundeleveransane innan 1 veke, altså i midten av oktober.
Sone 2: Her går det etter oppsett plan, med oppstart av leveransane ut på nyåret.

Status pr. 15.09.20

Vi har no fått framdriftsplanen for feltet, og datoar for kundeinstallasjon er lagt ut. Merk at feltet er delt inn i 2 soner, sjå kart over.

Status pr. 01.09.20

Entreprenøren held på med diverse avklaringar i feltet, og vi ventar på endeleg framdriftsplan. Så snart den er på plass, legg vi ut forventa dato på kundeinnstallasjon.

Status pr. 14.04.20

På grunn av situasjonen med koronaviruset (Covid-19), blir det sannsynlegvis endringar i kundeleveransane framover. Vi viser til meir informasjon her.

Status pr. 05.03.20

Vi har inngått avtale med ComNet AS. Dei blir hovudentreprenør for området. ComNet AS har starta opp arbeidet med undersøkingar i feltet. I utbygginga er vi i store delar avhengige av å nytte fellesføringar (netteigar sine stolpar) for å føre fram fiber. Løyver som er nødvendige for framføring av fiber må difor på plass, og alt arbeid knytt til eventuell utbetring av stolpar som skal nyttast må vere ferdig. Det vil på desse sidene komme dato for oppstart av kundeinstallasjonar og vidare framdrift, når vi har fått tidspunkt for klarert stolpenett frå eigarane. Salet i feltet er starta.

Status pr. 19.02.20

Enivest er i ferd med å hente inn løysingsforslag for utbygginga og tek sikte på å signere kontrakt med Entreprenør i løpet av Januar 2020. Når dette er på plass, vil vi på denne sida legge ut informasjon om kontaktpersonar og meir detaljert informasjon om framdrift.

Oppstart av prosjektet er estimert til februar-mars 2020. Vi reknar med at kundeleveransane kan starte tidlegast i Q4, og vil halde fram til Q3-2021.