Brot i forhandlingane mellom Discovery og Telia/Get og kva dette betyr for deg

På grunn av brot i forhandlingane mellom Discovery og Telia/Get kan vi for tida ikkje vise Discovery sine TV-kanalar.

Kva kanalar har du mista tilgang til?

Følgande kanalar er ikkje tilgjengelege frå 3. mars:

TV Norge, FEM, MAX, Eurosport-kanalene, VOX, TLC, Discovery Channel, Travel Channel, Animal Planet, Fine Living Network, Food Network, Investigation Discovery og Discovery Science.

Kompensasjon

Du får 25 ekstra TV-poeng som kan nyttast i perioden kanalane er nede. C More som utgjer 20 poeng, er på førehand valt inn, men du kan endre dette og velje inn andre kanalar heilt som du ønsker. TV-poenga er no tilgjengelege i valmenyen.

Forslaget frå Discovery vil avgrense valfridomen for deg som kunde, og det aksepterer sjølvsagt ikkje Telia/Get. Dialogen mellom aktørane held fram, og vi håper at dei kjem til einigheit om rimelege vilkår.

For deg som ikkje brukar kanalveljaren på Mi Side regelmessig, så finn du ei kort rettleiing under, slik at du enkelt og raskt kan nytte deg av tilleggspoenga.

NB! Kundar som har Dplay får gjennom dette tilgang til Discovery sine kanalar.

Slik vel du kanalar

enivest.no/miside/login kan du velje kanalar. Du kan ikkje logge deg på “Min Get”.

  1. Gå inn på enivest.no og logg på Mi Side med brukarnamn og passord
    1. Har du ikkje logga deg inn før, så må du registrere deg
    2. Klikk på register, så får du tilsendt passord på SMS
  2. Klikk på «Get», deretter på «Opne kanalveljaren» og vel kanalane eller innhaldet du ønsker å sjå
  3. Hugs å klikk på «Bekreft valg», slik at kanalane blir lagra
  4. Innhaldet blir deretter tilgjengeleg med ein gong. Alle film-, serie- og dokumentarbibliotek finn du under Get filmleie/Play.

Du finn til ei kvar tid oppdatert informasjon på nettsidene våre her.