Bustadsamanslutning (sameige, burettslag m.m)

Enivest tilbyr gode kollektive avtaler til bustadsamanslutningar. Fyll ut kontaktskjema under, så tek vi kontakt med deg innan kort tid.

Fyll ut skjema

Kollektive avtaler

Enivest leverer internett, TV- og strøymetenester gjennom kollektive avtaler til bustadsamanslutningar. Dette for at du som bebuar skal få rimelegare abonnement. Avtalen kan innehalde berre levering av internett, eller levering av både internett, TV- og strøymetenester. Moderne teknologi gjer det mogleg å levere tenestene frå ein og same fiberkabel.

Telia er samarbeidspartnaren vår på TV- og strøymetenester, og Telia Play er Norges mest fleksible og innhaldsrike underhaldningsunivers. Tenesta gir deg tilgang til dei mest populære TV-kanalane og ei rekke av dei store strøymetenestene tilgjengeleg på TV, nett og mobil. Sjå kvar du vil, kor du vi og når du vil.

Vi set saman konkurransedyktige kollektive pakkar (grunnpakkar) som er sparande, enkle og fleksible for kvar bebuar, uansett alder og behov. Om der er bebuarar som ønsker å utvide/endre produkt, kan dette bestillast utanom grunnpakken. Det kan f.eks. vere oppgradering til høgare internetthastigheit, TV-pakke med fleire kanalar eller Premium WiFi for dei som har stor bustad med fleire etasjar og ønsker god dekning. Tillegget vil bli fakturert den enkelte bebuar direkte og ikkje gjennom bustadsamanslutninga.

Du finn meir informasjon om produkta og tenestene våre på enivest.no/produkt.

Serviceteam

Enivest kan tilby kollektiv hjelp med å kome i gang med tenestene, dersom styret i bustadsamanslutninga ønsker det. Det kan vere hjelp med Telia Play app og korleis bruke Nett-TV, legge inn e-postadresser på telefonen, endre namn og passord på trådlause nett, eller andre ting med produkta. Det er frivillig å nytte tenesta, og den er heilt utan kostnad for deg.

For ytterlegare presentasjon av produkta og tenestene våre, så stiller vi oss gjerne til disposisjon. Ta kontakt med Kevin Shanks (sjå kontaktinfo. under) for ei uforpliktande samtale om moglegheiter for ei kollektiv avtale, eller Enivest kundeservice: 57 00 91 00 / E-post: kundeservice@enivest.no. Du kan også nå oss via nettprat på enivest.no, eller kom gjerne innom oss i Firdavegen 5.

Ikkje påkrevd

Kevin Shanks

Salsleiar Fiber Privat