Enivest på lag med burettslag/sameige

Med Enivest burettslagspakke gir vi deg fridom og fleksibilitet til å velje sjølv. Vi veit at nokre ønsker å ha tilgjengeleg alt av strøymetenester og kanalar, medan andre klarer seg fint utan TV. Som burettslagskunde har du tilgang til dei beste prisane våre uansett kva løysing du vel å gå for. Fyll ut kontaktskjema under, så tek vi kontakt med deg innan kort tid.

Fyll ut skjema

Enivest kundeservice gir deg

  • Fast kontaktperson
  • 30 sekund svartid
  • Oppfølgingsteam

Enivest elskar distriktet

  • Lokal forankring, ikkje berre ei stemme, vi stiller gjerne opp fysisk etter avtale
  • Vi er opptatt av eit levande lokalsamfunn
  • Tips oss gjerne om sponsing

Kundeservice for styret i burettslaget/sameige

  • Fast kontaktperson
  • Vi ønsker å ha dialog med styret i burettslaget/sameige undervegs i avtaleperioden for å sikre fornøgde kundar

Kontakt for burettslag/sameige

Sit du i styret eller er bebuar, og du er nysgjerrig på løysingane våra? Ta kontakt med ein på teamet vårt for ein prat, eller legg igjen ein kommentar så tek vi kontakt innan 24 timar.

Fellesavtale

Enivest leverer internett, TV- og strøymetenester gjennom fellesavtale til burettslag/sameige. Dette for at du som bebuar skal få rimelegare abonnement. Avtala kan innehalde berre levering av internett, eller levering av både internett, TV- og strøymetenester. Moderne teknologi gjer det mogleg å levere tenestene frå ein og same fiberkabel.

Telia er samarbeidspartnaren vår på TV- og strøymetenester, og Telia Play er Norges mest fleksible og innhaldsrike underhaldningsunivers. Tenesta gir deg tilgang til dei mest populære TV-kanalane og ei rekke av dei store strøymetenestene tilgjengeleg på TV, nett og mobil. Sjå kvar du vil, kor du vi og når du vil.

Vi set saman konkurransedyktige felles pakkar (grunnpakkar) som er sparande, enkle og fleksible for kvar bebuar, uansett alder og behov. Om der er bebuarar som ønsker å utvide/endre produkt, kan dette bestillast utanom grunnpakken. Det kan f.eks. vere oppgradering til høgare internetthastigheit, TV-pakke med fleire kanalar eller Premium WiFi for dei som har stor bustad med fleire etasjar og ønsker god dekning. Tillegget vil bli fakturert den enkelte bebuar direkte og ikkje gjennom burettslaget/sameige.

Oppfølgingsteam

Enivest kan tilby felles hjelp med å kome i gang med tenestene, dersom styret i burettslaget/sameige ønsker det. Det kan vere hjelp med Telia Play app og korleis bruke Nett-TV, legge inn e-postadresser på telefonen, endre namn og passord på trådlause nett, eller andre ting med produkta. Det er frivillig å nytte tenesta, og den er heilt utan kostnad for deg.

Fyll ut kontaktskjema under, så tek vi kontakt med deg innan kort tid.

Ikkje påkrevd

Kevin Shanks

Frøydis Varlid