Fiber til grendene i Årsheim-Kjøde

Enivest held på å bygge eit nytt TV- og breibandsnett basert på fiberteknologi. Under finn du informasjon om framdrift i utbyggingsprosjektet.

Klikk her for meir fiberinfo

Viktig informasjon

På denne sida vil vi framover informere om fiberutbygging i grendene i Årsheim-Kjøde i Stad kommune.

Enivest gledar seg over at du vil vere kunde hos oss. Det er kjekt at du vil vere med oss i utbygging av eit framtidsretta fibernett. Saman utviklar vi samfunnet vårt.

Dette prosjektet er delt inn i to delar.

Del 1: I denne delen skal det gjennomførast gravearbeid, legging av røyr, trekking av kablar og montering av skåp.
Del 2: I denne delen av prosjektet skal det gjennomførast skøytearbeid og kundeleveransar.

Enivest har inngått avtale med GS-Maskin AS om del 1 av prosjektet. Val av entreprenør for arbeidet i del 2, er ikkje gjort enno.

Hovud- og graveentreprenør: GS-Maskin AS
Fiberentreprenør/kundeinstallasjon: Ikkje valt
Oppstart av arbeid i feltet: 05.09.2021
Kundeinstallasjon: 05.01.2022 - 20.02.2022 (estimert)

Kontaktperson er Terje Pettersen i GS-Maskin, tlf. 90 92 33 37 (kl. 08:00 - 16:00) / kunde@gs-maskin.no. Ta kontakt med han om du har spørsmål vedkommande graving og framføring av kablar.

Status pr. 11.10.21

Vi rundar av gravinga i feltet og startar med «mikro-trenching» denne veka, dvs. skjering i asfalt i samband med vegkryssingar. Det som vidare vil skje er at fiberkablane blir blåst inn i røyra og lagt klare i skåp og kummar rundt om.

Status per 13.09.21

Graving av fibergrøfter er godt i gang, og det er stor aktivitet i feltet. Vi håpar at dette skjer til minst mogeleg ulempe for oppsittarane. Etter kvart som ein arbeider seg framover, vil vi legge fiberrøyret til huset ditt igjen ved tomtegrensa. Vi ber om at du så snart som mogeleg grev dette inn til husveggen din.

Om du ønsker at grave-entreprenøren vår (GS-Maskin AS) skal grave dette for deg, kan dei tilby dette for kr 3750,- (inntil 50 m).

Status per 25.06.21

Det blir arbeidd med å skaffe løyver og førebu oppstarten.