Totalkunde-avtale
Har du produkta Enivest ADSL Maks og Enivest Breibandstelefoni Ekstra? Då kan du bli totalkunde! Som totalkunde får du desse fordelane:
- 10% rabatt på ditt ADSL Maks internettabonnement
- 30% rabatt med Breibandstelefoni Ekstra på telefonsamtaler til mobil og utland (gjeld ikkje samtalar til Teletorg og spesialnummer)
- 100% rabatt med Breibandstelefoni Ekstra på alle samtalar til Norgestakst (dvs. til fasttelefon og breibandstelefon i Noreg).
Totalkundetilbodet gir rabatterte prisar for internettabonnement og telefontrafikk i eitt år. Rabatten gjeld frå og med neste avrekning, eller etter at ev. abonnementsendringar er utført. Leveringstid for ev. endringar av abonnement er normalt 3-6 veker.
Til grunn for tilbodet er Enivest sine standard abonnementsvilkår. Det kreves også at du har sett deg inn informasjonen under “kva kapasitet kan du forvente” og er merksam på generelle avgrensingar for hastigheit og levering.
Totalkunde-avtalen er tilbod både for eksisterande og nye kundar. Dersom du er kunde og ynskjer totalkunde-avtale kan du enkelt registrere deg vha. følgjande bestillingsskjema.
Gratis oppgradering og etablering på breibandstelefoni!
Dersom du manglar ADSL Maks eller Breibandstelefoni Ekstra-produktet for å få totalkunde-avtale, har vi eit ekstra gunstig tilbod akkurat no. Du får nemleg fri oppgradering til ADSL Maks (verdi 295,-), og fri etablering på breibandstelefoni Ekstra (verdi 499,-). I tillegg får du også bytta modemet utan kostnad dersom dette er nødvendig.