Avtalegiro og E-postfaktura

Enivest AS tilbyr kundane å inngå AvtaleGiro avtale med banken sin. Ta kontakt med banken din, eller bruk nettbanken for å teikne avtale om AvtaleGiro. Du vil da få ein kopi av fakturaen til din e-postadresse samtidig som at fakturaen automatisk blir lagt til forfall i din nettbank. Enklare kan det ikkje bli!

Kvifor e-postfaktura og AvtaleGiro?

  • Du får kopi av faktura direkte til din e-post, fakturaen kjem automatisk inn i nettbanken din og blir trekt ved forfall.
  • Du sparar pengar, fordi du slepp papirgebyret på kr 35,- per faktura.
  • Du har alle fakturaer på ein plass – opprett ei eiga mappe på din pc – og du får full oversikt.
  • Saman sparar vi miljøet vårt!

 

Korleis opprettar eg AvtaleGiro?

Det er du som er kontoeigar som må opprette Avtalegiro. Enivest har ikkje tilgong til å ordne betalaravtalar med banken din på dine vegner. Det er to måtar du kan opprette AvtaleGiro på:

  • Ta kontakt med banken din og få dei til å ordne det for deg
  • Gå inn på nettbanken din og bestill avtalegiro der.

 

Kva gjer eg for å få kun e-postfaktura?

  • Legg inn bestilling av e-postfaktura her: www.enivest.no/kundesenter/kontakt/faktura/. Fakturaen vil bli sendt til din e-postadresse hos Enivest, fornamn.etternamn@enivest.net. Tenesta vil bli aktivert etter at vi har motteke din bestilling. Neste faktura du mottar frå oss kjem då til din e-postadresse.
Utskriftsvenleg versjon