Jobbe hos oss?
Enivest er eit breibandselskap som arbeider aktivt med integrasjon av ulike tenester innanfor internett, datakommunikasjon, TV, lagringsteneste, telefoni med meir. Vi tel i dag 40 årsverk fordelt på hovudkontor i Førde og avdelingskontor på Sandane. Målt etter tal kundar og omsetning er Enivest ei av dei største IKT verksemdene i Sogn og Fjordane. Enivest er i sterk positiv utvikling med aukande kundevekst og arbeidsmengde. Vi er stadig på jakt etter framoverlente personar som ynskjer å utvikle seg sjølv og verksemda vidare.
Har du interesse av å jobbe hos oss, kan du sende ein generell søknad eller søke direkte på ei av våre ledige stillingar. Sjå i meny til venstre for meir informasjon.