Om Enivest

Enivest AS er ein lokalt forankra kommunikasjonsleverandør i Sogn og Fjordane. Selskapet vart skipa i oktober 2000 og kom i drift i april 2001. Hovudprodukta er breiband og telefoni, samt tenester knytt til desse områda.

Vår største føremon er Enivest sitt solide og framtidsretta fibernett. I tillegg har vi kvalifiserte og dyktige medarbeidarar som alltid vil det beste for deg som kunde. Dette gjev oss eit unikt høve til å utvikle viktige og framtidsretta kommunikasjonsløysingar som støttar dagens og morgondagens krav for å oppretthalde eit tenestetilbod av høg kvalitet.

Gjennom dei seks-sju åra selskapet har hatt drift har vi i dei viktigaste segmenta etablert ein marknadsandel på mellom 30 og 40 prosent. Som ei følgje av vår konkurransekraft har store viktige føretak som mellom anna Helse Førde og Sparebanken Sogn og Fjordane valt Enivest som tenesteleverandør. I sum har ein dermed lukkast med å flytte både omsetnad, arbeidsplassar og kompetanse til området som ein før år 2000 ikkje hadde i fylket vårt.

Vi trur på breiband og Internett som eit eineståande verkty og hjelpemiddel til å skape vekst, forretning og sterke relasjonar mellom folk og verksemder. Enivest sin vekst er sjølv eit resultat av organisk vekst i form av fusjonar og oppkjøp av mindre aktørar i lokalmarknaden.

Økonomisk har selskapet hatt ei utvikling som er i samsvar med den forretningsstrategien som har vore grunnlag for satsinga. Store investeringar har sjølvsagt vore med å prege driftsresultata fram til og med 2006. Dette er investeringar i framtidsretta og varig infrastruktur som inneber at ca 96 prosent av totalmarknaden i Sogn og Fjordane har fått etablert breibandstilbod. Enivest står åleine for 65 prosent av denne totaldekninga. I tråd med langtidsplan gjekk selskapet med overskot i 2007.

Våre kundar har stor nytte av vår lokale tilknyting og vi ynskjer å bli oppfatta som fleksible, tilgjengelege og “til å prate med”. Vi skal gjere vårt beste for deg, og du skal vite at vi er ikkje fornøgde før du som kunde er fornøgd.

Difor skal du velje Enivest som leverandør.

Med helsing
Nandor Helgheim
Dagleg leiar