Lyn og torden

Kvart år gjer lyn stor skade på telefonar, PC-ar, modem, telefaksar og anna teknisk utstyr. Mange av desse skadane kan unngås dersom elektronisk utstyr koblast frå telenettet når tordenværet kjem.
Kjøp lynvern hos Enivest!
Sjølv om overspenningsvernet i sikringsskapet stoppar overspenning i straumkabelen så stoppar det ikkje overspenning som oppstår på telelinja, i nettverkskabelen eller på antennekabelen.
Enivest tilbyr ulike typar lynvern som har eit kraftig overspenningsvern for både strømnett og telenett. Send ein e-post eller ta kontakt med Enivest på 57009100 for å kjøpe lynvern.
Eksempel på lynvern på straum og telenettet
Forsikringsselskapa anbefalar å bruke lynvern. Lynvernet settast i veggkontakta (helst jorda). Så pluggar ein modemets og PC-ens straumkabel i lynvernet saman med telefon-, nettverks- og antennekablar.
Sjølv om ein har lynvern både på straum- og telenettet så er ein aldri 100% sikker på at dette vil hindre at utstyret blir skada. Enivest anbefalar derfor at ein trekk ut alle kontakter til modem og PC når det er fare for lynnedslag.
Kostnadar ved lyn og torden
Det er store kostnadar forbundet med lyn og torden. Dersom ein kundes modem blir øydelagd på grunn av lyn så er det kunden som må erstatte dette modemet. Kostnadar for dette kan vere opptil kr. 995,-. Derfor anbefalar vi sterkt at kundane går til innkjøp av lynvern og trekker ut alle kablar i periodar med lyn og torden.
Lynskadar når ein har fiber?
Dersom ein har breiband levert over fiber er det mindre sannsynlig at modem kan bli lynskada. Ein treng ikkje å trekke ut fiberkabelen. Men lynskader kan likevel førekome via straumnettet, så for å vere heilt sikker kan det løne seg å plugge modemets straumkabel i lynvern.
Viktige telefonar blir prioritert
I periodar med mykje lyn og torden vil Enivest sette inn alt disponibelt mannskap til feilretting. Installasjonar forbundet med liv og helse blir prioritert. I periodar med mykje feil så fører dette til at enkelte må vente nokre dagar på feilretting.
Seinskader på utstyr
Sjølv om eit modem eller ein PC tilsynelatande fungerar greitt etter eit lynnedslag så er det ikkje sikkert at modemet og PCen er uskada. Ein kvar overspenning på straum- og telenettet forringar blant anna isolasjon i ledningar og det kan påvirke programmerbare komponentar. Slike skadar kan vise seg umiddelbart eller som seinare skadar på utstyret. Derfor er det veldig viktig å trekke ut alle kablar som er tilkopla modem og PC i periodar med lyn og torden.