Bytt eigar

Treng du å bytte eigar av internettabonnementet?

Ved eigarskifte avtalar tidlegare eigar og ny eigar seg i mellom kva tid abonnementet kan takast i bruk av ny eigar. Når Enivest mottek melding om eigarskifte blir abonnementet registrert på ny eigar frå og med neste fakturaperiode. Fyll ut skjemaet under, så utfører vi endringa så snart som mogleg.

Merk at det er kun internettabonnementet ein kan skifte eigar på. Dersom noverande eigar også har abonnement på tilleggstenester, vil desse verte avslutta seinast same dato som ny eigar tek over abonnement på internett.
Av kundeutstyr skal ny eigar kun ta over modem. Noverande eigar er ansvarleg for å returnere eventuelt tilleggsutstyr, som til dømes TV-dekodar. Ny eigar kan sjølvsagt bestille abonnement på tilleggstenester i sitt namn.
Kundar på fiber finn bestillingsskjema for TV og breibandstelefoni her.
Kundar på andre teknologiar finn bestillingsskjema for breibandstelefoni her.

Bytt eigar av abonnement

  • Sals og leveringsvilkår
Utskriftsvenleg versjon