Verving

Verving

 

Korleis kan eg klare å verve kundar?
Kva fordelar gir det meg å verve kundar for Enivest?
Kva med dei som har breiband frå ein annan leverandør?
Kvifor velje Enivest?

Korleis kan eg klare å verve kundar?

 

Svar: Vi kjenner alle nokon som ikkje har breiband endå, eller som har, men frå feil leverandør! Kvifor ikkje verve desse og få redusert dine kostnadar på breiband levert frå Enivest?

 

Gjer venner, naboar og slekt kjend med gevinstar ved å ha breiband frå ein lokal og dyktig leverandør. Informer dei om kor nøgd du er med Enivest, og fortell om eigne erfaringar. Ser dei ikkje behov ved breiband peik på at trenden talar for seg sjølv, alle bør ha nettilgong, og breiband er ei god investering som gir framtidsretta internettløysingar.

 

Enivest er dessutan konkurransedyktige og har likeverdige produkt som dei største leverandørane i noreg. I tillegg fylj med på gode kampanjetilbod som gir nye kundar det lille ekstra, så vert det endå enklare å overbevise om val av leverandør!

 

Kva fordelar gir det meg å verve kundar for Enivest?

 

Svar: Som Enivest-kunde kan du redusere dine utgifter på breibandstenester levert frå Enivest ved å verve nye kundar.

 

Dette er kva du kan spare:
For dei fyrste 10 kundane du vervar får du kr. 200,- per kunde du vervar. Deretter får du kr. 500,- per kunde du vervar.

 

Praktisk:
Vi tek atterhald om at kundar som blir verva faktisk kan få levert breiband frå Enivest. Kundar som er verva lyt ha fått levert breiband frå Enivest før du som vervar får fråtrekk på faktura.

 

Korleis få rabatten:
Bestilling frå ny kunde må leggast inn på bestillingsskjema på http://www.enivest.no/bestill/ I feltet for tilleggsopplysningar skriv du «verva av» og namnet ditt (ta også gjerne med kundenr.). Denne opplysninga MÅ følgje bestillinga og kan ikkje meldast inn i ettertid.

 

Kva med dei som har breiband frå ein annan leverandør?

 

Svar: Det er inga hindring om den du ynskjer verve har levert frå ein annan leverandør i dag. Du kan framleis verve vedkomande og det er enkelt å byte leverandør. Fyll ut fullmakta for operatørbyte som kjem fram på bestillingsskjemaet for å stadfeste at Enivest skal ta over internettsambandet frå eksisterande leverandør. Det kunde bør sjekke på førehand er om han/ho har bindingstid hjå noverande leverandør eller ei eventuell oppseiingstid. Merk at det ikkje er noko i vegen for å verve kundar no, og at breibandet vert levert når kunde ikkje lenger har binding hjå noverande leverandør. Det er uansett mykje å spare på å finne ein leverandør ein meiner er rett for seg.

 

Kvifor velje Enivest?

 

Svar: Her gir vi deg nokre gode argument:

 

Lokal kundeservice
som det er mogleg å få tak i og lett å besøke dersom ein treng hjelp, råd eller nytt utstyr. Enivest har siste halvåret tilsett fleire personar på kundesenteret, investert i nytt system for effektiv kundehandsaming, og er godt rusta for å ta i mot henvendingar frå kundar.

 

Modemgaranti
Hjå Enivest betalar du ein eigendel på 429,- for å låne utstyret du treng for å kome deg på nett. Skulle det vere feil ved utstyr som ikkje er forårsaka direkte av, eller skuldast aktløyse hjå kunde, får du dekkja og tilsendt nytt kundeutstyr utan kostnad.

 

Fri etablering
Spar kr. 995,- ved binding i eitt år hjå Enivest. Eitt år går fort!

 

Mykje meir for pengane
Kapasiteten vi leverar på vårt nett er større enn den mange av våre konkurrentar tilbyr, vi har bygd ut alle våre sentralar sjølv. Likevel er vi billegare! Lokal kundeservice er gull verdt, hjå oss kan du snakke med nokon ansikt til ansikt, og vi er kjend med lokale forhold.

 

Sikkerheitspakke
Sikkerheit på nett er i fokus, og Enivest tilbyr både brannmur og antivirus til sine kundar utan ekstra kostnad. I tillegg får du og spam og virus-filter på e-posten gratis!

 

Utskriftsvenleg versjon