Mobilt Breiband

Mobilt breiband

I oversikta nedanfor kan du sjå kva for hastigheit du kan forvente. Årsaka til at dette kan variere kan være:

* Avstand til sendaren i området du befinner deg.

* Kor mange brukarar som er pålogga i området

* Kva dekning det er i området du befinn deg

* Kva teknologi som er i basestasjonen du er tilkopla

Hastigheitar i tabellen nedanfor er basert på gode signal og få andre brukarar i same område. Vårt mobile breiband støttar Edge, Turbo 3G og Turbo 3G+ nett.

Type Nett Forventa hastigheit Teoretisk hastigheit
EdgeNedopp 150 Kbit/s70 Kbit/s 236 Kbit/s118 Kbit/s
Turbo 3GNedOpp 0,5 - 2,0 Mbit/s0,3 - 1,0 Mbit/s 3,6 Mbit/s2,0 Mbit/s
Turbo 3G+NedOpp 1,0 - 14 Mbit/s0,3 - 3,0 Mbit/s 14,4 - 21,6 Mbit/s5,76 Mbit/s

 

Kva kan eg forvente av opp og nedlasting ?

Modem Maks hastigheit ned Maks hastigheit opp
Huawei trådlaust modem  Modell E5 Ca 14,4 Mb/s Ca  3,0 Mb/s
Huawei USB modem Ca  3,0 Mb/s Ca  1,5 Mb/s
Sim - Kort Avhengig av nettbrett og PC Avhengig av Nettbrett og PC

 

Dersom du brukar meir enn 5GB ein månad, vil du oppleve at hastigheita på oppkoplinga mot internett senkast.

Kvota på 5GB kan ikkje samlast opp og overførast til neste månad. Kvota på inntil 5GB gjeldfor 1 kalendermånad.

Med Enivest mobilt breiband kan du surfe på internett kor du måtte ynskje, så lenge det er mobildekning der du er.

Ja, det kan du. Men skal fleire vere på internett samstundes og nytte same abonnement, lyt du ha trådlaust modem. Ved å nytte trådlaust modem kan inntil 5 brukarar kople seg på samstundes. Sim- kort og Usb modem kan kun nyttast av eit nettbrett eller ein PC om gongen.

Vert sim- kort eller modem stolen må du kontakte Enivest snarast.

Har du gløymt PIN koden din treng du PUK koden til sim- kortet. Puk koden vart levert saman med sim- kort/modem da abonnementet vart levert.

Du kan nytte mobilt breiband i utlandet, med det gjeld eigne takstar ved bruk i utlandet. For prisliste sjå her.

Abonnementet på mobilt breiband har ein datakontroll utland funksjon. Når du nyttar mobilt breiband i utlandet vert denne funksjonen automatisk aktivert. Når du har overstege bruk for kr 500,- , vert abonnementet stogga for vidare bruk. Du må då ta kontakt med Enivest for å få opna det igjen.

Vi gjer merksam på at 1GB tilsvarar 1000 sidar Facebook eller 4 timar Web- TV. Eksempel: Du har nytta 1GB når du har vore innom 1000 sidar på Facebook.

Eksemplar på månadsbruk 1 GB 3 GB 5 GB
Facebook 1000 sidar 3000 sidar 5 000 sidar
Web-TV 4 timar 12 timar 20 timar
Nettavisar 500 sidar 1500 sidar 2500 sidar
YouTube 4 timar 12 timar 20 timar
Streaming av musikk 17 timar 51 timar 85 timar
Utskriftsvenleg versjon