Installasjon

Installasjon

Korleis ser eg om ADSL modemet mitt har kontakt med ADSL sentralen til Enivest? Korleis ser eg om det er kontakt mellom PC’en og modemet?   Kva treng eg på PC’en min for å få ADSL frå Enivest?  Kva treng eg på PC’en min for å få ADSL frå Enivest? Må eg gjere nokre innstillingar på nettverkskortet?
Treng eg ekstra programvare for å få tilgong til Internet med ADSL?

Korleis ser eg om ADSL modemet mitt har kontakt med ADSL sentralen til Enivest?

Svar: Dersom lampa på modemet som er merka DSL lyser fast grønt så er det kontakt med ADSL sentralen. Dersom lampa ikkje lyser fast så er enten modemet ikkje oppkopla riktig, eller så er ikkje linja oppkopla enno.

Korleis ser eg om det er kontakt mellom PC’en og modemet?

Svar: Det lyser grønt på lampa på modemet der kabelen frå PC’en er kopla inn.

 Kva treng eg på PC’en min for å få ADSL frå Enivest?

Svar: Du treng eit nettverkskort i PC’en. Dette er eit såkalla ethernetkort og må støtte 10 eller 100 Mbit/s. Dette kan kjøpast hos ein dataforhandlar.

Må eg gjere nokre innstillingar på nettverkskortet?

Svar: Normalt er det ingen instillingar som må gjerast på nettverkskortet

Treng eg ekstra programvare for å få tilgong til Internet med ADSL?

Svar: Nei, det er ikkje noko programvare som skal installerast. Dersom Pc’en er riktig innstilt kan du gå på Internet med ein gong Pc’en er tilkopla ADSL-modemet.

Utskriftsvenleg versjon