Hastigheit
Hastigheit
Kva hastighet kan eg forvente på breibandet mitt?
Svar: Forventa hastighet på ADSL kan variere fordi det er mange faktorar som kan verke inn for kva kapasitet som faktisk er oppnåeleg hjå deg. Ein av desse faktorane er avstand frå din bustad og fram til sentralen du er tilknytt. Nedanfor er eit rettleiande eksempel på kva maks hastighet som er forventa ved optimale forhold alt etter kva linjelengde du har.
ADSL
| Linjelengde frå sentral fram til din bustad | Estimert maks ADSL-hastighet |
| 0-1000 meter | Inntil 16 Mbps/1000 kbps |
| 1000-1500 meter | Inntil 14 Mbps/1000 kbps |
| 1500-2000 meter | Inntil 12 Mbps/800 kbps |
| 2000-2500 meter | Inntil 10 Mbps/800 kbps |
| 2500-2800 meter | Inntil 8 Mbps/800 kbps |
| 2800-3000 meter | Inntil 6 Mbps/650 kbps |
| 3000-3300 meter | Inntil 4,5 Mbps/550 kbps |
| Over 3300 meter Anbefalt å velje ADSL Standard eller Enkel Pluss produktet | |
VDSL
| Linjelengde frå sentral fram til din bustad | Estimert maks VDSL-hastighet |
| 0-800 meter | Inntil 40 Mbps/10 Mbps |
| 800-1000 meter | Inntil 25 Mbps/5 Mbps |
| Over 1000 meter: Anbefalt å velje ADSL Maks | |
Kva hastighet du faktisk opplever er også avhengig av kva yting du har på ditt utstyr, din PC, programvare som køyrer, og kablinga internt hjå deg. Dersom du nyttar anna nettverksutstyr (trådlaus ruter, hub, svitsj), anbefalar vi at du prøvar å kople vekk dette, slik at modemet er kopla direkte i PCen. Trådlaust utstyr reduserer som regel kapasiteten på linja, dette har med signalstyrken på utstyret å gjere.