Fiber Feilsøking TV
Fiber feilsøking TV
DIGITAL-TV:
Det er ikkje straum i dekodaren:
Sjekk at dekodaren er slått på. Det er ein ON/OFF knapp på baksida på dekodaren.
Sjekk at straumadapter er kopla i straumuttaket på dekodaren og straumuttaket på veggen.
Prøv å kople straumadapter til eit anna straumuttak i huset.
Om du framleis ikkje får straum i dekodaren, meld feil til oss via 57009100 eller via http://www.enivest.no/kundesenter/kontak
Det er straum i dekodaren, men ikkje bilete på skjermen:
Sjekk at TV-en er stilt inn på riktig kanal. Om du bruker HDMI kabel skal kanal på TV vere HDMI. Er dekodar kopla til med SCART, skal kanal på TV vere satt til ein av EXT kanalane (EXT1, EXT 2 osv.). Er dekodar kopla til med komponent skal kanal på TV vere komponent.
Sjekk at kabel mellom dekodar og TV er kopla skikkelig i. Sjekk òg at kabel mellom dekodar og modem er kopla skikkelig i.
Sjekk at programkort er satt riktig i (GET-logo opp og magnet-chip ned mot golvet og inn først).
Prøv å restarte modem og dekodar. Ta ut straumkabel, vent eit minutt og kople til straumen igjen. Vent nokre minutt til modem og dekodar har starta opp igjen og sjekk om du får bilete.
dersom du framleis ikkje får bilete på skjermen, meld feil til oss via 57009100 eller via http://www.enivest.no/kundesenter/kontakt/
Det hakkar og/eller frys periodisk på TV-kanalar:
Prøv å restarte modem og dekodar. Ta ut straumkabel, vent eit minutt og kople til straumen igjen. Vent nokre minutt til modem og dekodar har starta opp igjen og sjekk om biletet er bra igjen.
dersom det framleis frys/hakkar i skjermbilete, meld feil til oss via 57009100 eller via http://www.enivest.no/kundesenter/kontakt/
Det er berre NRK som fungerer:
Prøv å ta ut og inn igjen smartkortet (smartkortet står på venstre side på sida på dekodaren).
Prøv å slå av og på igjen dekodaren.
Meld feil til oss via 57009100 eller via http://www.enivest.no/kundesenter/kontakt/
Du får opp melding på skjermen “du har ikkje tilgang på denne kanalen”:
Har du sjekka at denne kanalen ligg i programpakken du abonnerer på? Viss den gjer det, og du ikkje får tilgang til den, prøv å slå av og på dekodar og sjå om det fungerer igjen. Dersom du framleis ikkje har tilgang på kanalen, meld feil til oss via 57009100 eller via : http://www.enivest.no/kundesenter/kontakt/
Dersom du nettopp har bestilt kanalen og du ikkje har tilgang til den enda, gjer vi merksam på at det kan ta opp til 2-3 dagar frå bestilling av ny kanal til den blir aktivert på din dekodar. Dersom det har gått meir enn 3 dagar og du framleis ikkje har fått tilgang til TV-kanalen, meld ifrå til oss på 57009100 eller via : http://www.enivest.no/kundesenter/kontakt/
Dekodaren heng seg opp under installasjon:
Installasjonen av dekodaren kan ta opp til to timar. Dersom den ikkje er ferdig etter to timer, restart dekodaren og prøv på nytt.
Etter installasjon, kan det ta opp til 3 timer før alle kanalane er tilgjengelige.
Det er ikkje lyd på TV-en:
Sjekk at fjernkontroll til dekodar/TV /eventuelt heimekinoanlegg ikkje står på mute. Dersom nokon av desse står på mute, skru på lyd.
Sjekk at leidningar mellom TV og dekodar (eventuelt heimekinoanlegg om du har det) er kopla skikkelig i. Om du brukar SCART-kabel mellom dekodar og tv kan dette av og til skje om SCART står litt skrått i inntaket, så vi anbefaler deg å ta ut kabelen og sette den inn igjen. Har du flatskjerm med HDMI-inngang er det anbefalt at du bruker denne, då HDMI gir digitale signal heilt fram til fjernsynet, og eit mykje skarpare bilete.
Det er skugge/feil farge i bilete på TV-skjermen:
Om du har misfarging i bilete, bør du sjekke at SCART/HDMI kabel mellom TV og dekodar står skikkelig i. Dersom den står skikkelig i, og det framleis er skygge/misfarging i bilete, bør du byte SCART/HDMI-kabel.
Dersom du brukar SCART-inngang på TV-en, kan du prøve å byte frå RGB til PAL og omvendt i menyen på dekodaren.
Dersom ingen av desse tiltaka hjelp, bør du ta kontakt med TV-leverandør, då du sannsynligvis har ein feil på TV-en din.
Problem med opptaksfunksjon:
Eg har problem med enkeltopptak:Prøv å starte dekodaren på nytt. Om ikkje det løyser problemet, kan du prøve å resette dekodaren (dette gjer du ved å halde inne GET-knappen og OK-knappen på dekodaren samtidig til du får melding på skjermen med spørsmål om du vil resette dekodaren). Dersom du framleis ikkje får ta opp, meld feil til oss via 57009100 eller via : http://www.enivest.no/kundesenter/kontakt/internett/
Eg har problem med serieopptak:Det er ikkje alle program som er tilgjengelige for serieopptak. Har du sjekka om programmet du prøver å ta opp, er tilgjengelig for serieopptak? Programmet er merka med ein “S” ved sidan av opptakssymbolet om det er tilgjengeleg for serieopptak. Om det er merka med “S” og du framleis ikkje får ta opp, prøv å starte dekodaren på nytt. Om ikkje det løyser problemet, kan du prøve å resette dekodaren (dette gjer du ved å halde inne GET-knappen og OK-knappen på dekodaren samtidig til du får melding på skjermen med spørsmål om du vil resette dekodaren). Dersom du framleis ikkje får ta opp, meld feil til oss via 57009100 eller via : http://www.enivest.no/kundesenter/kontakt/
Kva er PIN1 og 2? Kva gjer eg om eg har gløymt pinkodane mine?
PIN1-koda brukast til barnesikring og kanalar og sikring av avanserte innstillingar på dekodaren. PIN1 brukast og til å bekrefte leige av filmar på GET filmleige. Har du ikkje endra PIN1, er den satt som standard 0000.
PIN2-koda kontrollerer tilgang til kategorien Voksen på GET filmleige. Alle filmane i denne kategorien er registrert av Medietilsynet og har 18 års aldersgrense. PIN2-koda må du sjølv angi første gang du startar GET Filmleige og denne må vere forskjellig frå PIN1.
Kva kostar og korleis blir eg fakturert for filmleige?
Sjølve tenesta er inkludert i leigeprisen til dekodaren. Du betalar berre for dei filmane som du vel å bestille. Prisen på filmane varierer frå 9 til 79 kroner. Du vil alltid bli informert om kva filmen kostar før du leigar den. Det totale leigebeløpet for ein månad visast op neste faktura frå Enivest. Du leigar filmen i 24 timar og kan sjå den så mange gongar du vil i leigeperioden. Du kan når som helst få ei oversikt over kva filmar du har leid i “min filmleige” menyen på dekodaren din.
Om du abonnerar på Canal + Total eller Canal + Film, har du og tilgang til Canal+ SVOD i GET filmleige-biblioteket. Filmane og seriane under denne kategorien er gratis.
Filmane du leiger fakturerast direkte på din neste faktura frå Enivest, og kjem uspesifisert merka “filmleige”. Dersom du ynskjer ei spesifisert rekning kan du sjå filmtitlane under “min kjøpshistorikk” på dekodaren .
Eg vil ikkje ha tilgang til filmleige, kan eg fjerne denne funksjonen?
Tenesta kan sperrast frå din dekodar dersom du ynskjer det. Ta kontakt med oss på 57009100 eller via http://www.enivest.no/kundesenter/kontakt/. Når tenesta er deaktivert vil “filmeleige” valet i menyen på dekodaren din vere gråa ut, og vil ikkje lenger kunne nyttast. For reaktivering må du ta kontakt med vårt kundesenter.
Kvar finn eg informasjon om kva filmar eg har leigd?
Bruk FILM-knappen på fjernkontrollen for å kome til filmleige-sidene. Filmar du framleis har tilgang til finn du inne i “min filmleige”-menyen. Trykk på den raude tasten på fjernkontrollen medan du er inne på GET Filmleige-sidene for å få sjå oversikta. Etter 24 timar legg desse filmane seg under “Min Kjøpshistorikk”. Trykk på den raude tasten på fjernkontrollen ein gon gtil for å få oversikt over dei filmane du har leigd før. For oversikt frå kategorien “voksen” må du fyrst velje Voksen-kategorien og taste PIN2.