Fiber Feilsøking internett

Fiber Feilsøking internett

INTERNETT:

 Eg bruker trådlaust nett og opplever problem:

 Sjekk at modemet er påslått. Om lampene på modemet ikkje lyser, sjekk at straumkabelen er riktig tilkopla. Slå på modemet, vent nokre minutt til det har starta opp og sjekk om du er på nett.Sjå om WLAN-lampa på modemet lyser. Lampa skal lyse grønt (?). Lyser den ikkje, trykk på WLAN-knappen på modemet til den begynner å lyse.

Mange berbare PC-er har ein eigen knapp/brytar for å skru på trådlaus funksjon. Sjekk at denne er slått på. Knappen eller brytaren har ulik plassering hjå dei forskjellige PC-leverandørane. Sjå i bruksanvisninga om du er usikker på kvar den er.

Sjekk leidningar. Sjekk at alle leidningar er faste som dei skal mellom uttaket du har på veggen og modemet.

Prøv med kabel mellom modemet og PC-en. Finn ein av nettverkskablane som fulgte med modemet. Kople LAN-uttaket på PC-en til ein av LAN-utgongane på modemet.

Dersom modemlampa “internett” ikkje lyser, meld feil til oss via 57009100 eller via

 http://www.enivest.no/kundesenter/kontakt/internett/

 Eg bruker nett med kabel og opplever problem:

 Sjekk at modemet er påslått. Dersom lampene på modemet ikkje lyser, sjekk at straumkabelen er riktig tilkopla. Slå på modemet, vent nokre minutt til det har starta opp igjen, og sjekk om du er på nett.

Prøv å restarte modemet. Ta ut straumkabelen av modemet, vent eit minutt og kople til straumen igjen. Vent nokre minutt til modemet har starta opp att, og sjekk om du er på nett.

Sjekk leidningar. Sjekk at alle leidningar er faste som dei skal mellom uttaket du har på veggen og modemet. Sjekk at leidningen mellom PC-en og modemet sitter godt.

Dersom modemlampa “internett” ikkje lyser, meld feil til oss via 57009100 eller via

http://www.enivest.no/kundesenter/kontakt/internett/

 Nettet mitt går treigt, kva kan eg gjere?

 Slå modemet av og på.

Start datamaskina på nytt.

Sjekk at ingen program på datamaskina lastar ned oppdateringar eller andre filer.

Dersom du bruker trådlaust i staden for kabel kan du oppleve varierande hastighet. Det kan vere andre trådlause element som påverkar signala. Signalstyrken kan også reduserast dersom det er hindringar mellom modem og datamaskin, som til dømes murveggar. Prøv og bruk kabel mellom modem og datamaskin.

Om ingen av desse tiltaka hjelp, meld feil til oss via 57009100 eller via

http://www.enivest.no/kundesenter/kontakt/internett/

Utskriftsvenleg versjon