E-post

E-post

Svar: Du kan lage nytt passord ved å logge deg inn på Mi side. Du finn Mi side her.

Svar: Alle privatkundar har inntil 10 GB lagringsplass tilknytt kvar enkelt e-postkonto. Alle privatabonnement kan få opptil 5 e-postkontoar.

Svar: Kvar abonnent har 5 e-postadresser tilgjengeleg. Du kan opprette nye e-postadresser sjølv på Mi side. Logg deg inn på Mi side her.

Svar: Dette kan du gjere på to måtar, enten via Mi side eller via Enivest Webmail.
På Mi side kan du skifte passord på alle e-postkontoane på ditt abonnement. Du loggar inn på Mi Side her.

På Enivest Webmail: Logg deg inn på Enivest E-post, https://webmail.enivest.net/ og følg linken «Byt passord på kontoane dine». Følg rettleiinga der.

Svar: Ved å kikke i brukarrettleiinga som du fekk saman med utstyrspakken frå Enivest kan du på side 24-26 lese og sjå bilete av korleis du set opp e-postkontoen din for Microsoft Outlook. Du finn også brukarrettleiing her.

Svar: Du kan lese og sende e-post via heimesidene til Enivest ved hjelp av Enivest E-post. E-postklienten fungerar som ein elektronisk postkasse som gjev deg tilgong til å sende og motta av e-post. Ei slik teneste er nyttig for alle som ikkje har eit e-postprogram (til dømes Microsoft Outlook) installert på datamaskina si, elle for dei som er på reise og dermed ikkje har tilgong til si eiga maskin. Du kan gå direkte til Enivest E-post ved å bruke denne lenkja: http://webmail.enivest.net

Alle privatkundar (og bedriftskundar med dynamisk adresse) må bruke smtp.enivest.net for utgåande e-postserver.

Dette er eit tiltak vi har satt inn for å hindre spam- og virusmail som mange opplever som eit problem ved e-postmottak. Dette fører til at du ikkje vil ha høve til å sende e-post via andre servere enn smtp.enivest.net.

I praksis betyr dette at du lyt kontrollere at alle e-postkontoar er sett opp med denne serveren for utgåande e-post slik det er forklart i rettleiinga vår.

Utskriftsvenleg versjon