Breibandstelefoni

Breibandstelefoni

Kundar som har fått oppgradert telefonitenesten har fått endra funksjonalitet ved viderekopling.

Tidligare funksjonalitet der ein kunne taste inn ein nummerkombinasjon for å aktivere vidarekopling er fjerna. Inntil vidare må kundar ta kontakt med Enivest for å få aktivert vidarekopling på breibandstelefoni.

Ein kan da velje mellom å vidarekople alle innkommande anrop eller at vidarekopling blir aktivert dersom ein ikkje svarar innan 30 sekund.

Ny funksjonalitet er under utvikling slik at kundar kan styre vidarekopling og andre funksjonar frå Mi Side. Denne funksjonaliteten vil bli tilgjengeleg i 2. kvartal. Enivest vil informere når dette er på plass.

Kontaktskjema finn du her:http://www.enivest.no/kundesenter/kontakt/viderekopling-av-breibandstelefoni/

Svar: Du vil automatisk bli opplyst om at ein samtale ventar dersom telefonen din støttar slik funksjonalitet.

Svar: Sjekk dette med din leverandør av alarmtenester. Dei vil informere deg om dette er godkjent frå deira side. Du bør også ha ein batteri-backup på modemet frå Enivest i tilfelle straumbrot. Husalarm brukar analog linje for kommunikasjon, dette vil fungere på våre løysingar, men tilkoplinga skal skje i ein telefonsplitter som delar telefonsignalet som kjem ut frå telefonutgangen på boksen du har fått frå Enivest. Dette betyr at det teknisk sett skal vere mogleg å nytte alarm over breibandstelefoni, men vi tilrår kunde å ha ei eiga analog linje for dette.

Svar: Så lenge du er breibandskunde hos Enivest eller ynskjer å bli dette kan du også få breibandstelefoni frå oss. Du kan behalde ditt eksisterande telefonnummer, eller du kan få eit nytt telefonnummer.

Svar: Dette skal fungere som normalt så lenge utstyret er kopla opp slik at set-top boksen delar linje med ein av dine telefonar. Den skal ikkje koplast rett i vårt utstyr (då vil utstyret tru at det er ein telefon). Den skal koplast på same måten som ein alarm (sjå punktet over).

Svar: Telefakser for analog linje skal fungere som normalt.

Svar: Enivest kan gje følgjande alternativ for sperring av ulike samtaletypar:
- Sperre til mobil.
- Sperre til utland.
- Sperre til 8xx xx numre
- Sperre til 81x xx numre
- Sperre til 82x xx numre
Alle kombinasjonar er gyldige. Du kan sperre mot fleire destinasjonar samtidig. Sperrar du mot alle 8xx xx nummer så er det ikkje nødvendig å sperre 81x xxx og 82x xxx nummer. Ta kontakt med vår kundeservice dersom du ynskjer sperringar, eller ev. fjerne sperringar.

Svar: Du kan reservere deg mot oppføring i opplysningstenestene og du kan få skjult nummer med tanke på nummervisning. Men eit hemmelig nummer kan vi dessverre ikkje tilby foreløpig.

Svar: Dette kan du velje sjølv ved bestilling av breibandstelefoni. Ved reservasjon mot oppføring vil ikkje informasjon om abonnementet bli vist hos opplysningstenestene eller i telefonkatalogen.

Svar: Enivest har allereie valt at din abonnementsinformasjon ikkje kan vidareseljast til andre. Du kan ikkje velje å godkjenne vidaresal av denne informasjonen, då dette gjeld for alle våre kundar i ei eiga avtale med Findexa.

Du kan benytte skjult nummer om du ynskjer dette. Les meir om korleis du enkelt ved få tastetrykk kan skjule nummer ved enkeltsamtaler her. Ynskjer du at ditt telefonnr. skal vere skjult heile tida, kan du ta kontakt med vårt kundesenter.

Svar: Fakturaen er delt inn på dei mest vanlege samtalegruppene (Norgestakst, Telenor Mobil, Netcom Mobil, Utland, Spesialnummer og liknande) I tillegg viser fakturaen antall samtalar og varigheten til desse samtalegruppene. Ein fullstendig faktura kan ikkje bestillast enno, men du kan ta kontakt med vårt kundesenter for å få tilsendt ein oversikt for ein gitt månad (så lenge det er i løpet av dei siste 3 månadane). Denne vil kun sendast pr. post til abonnementsadressa.

Svar: Du kan sjølv ved få tastetrykk vidarekople samtaler. Les om dette her.

Svar: Dersom telefonen din har støtte for dette, så kan du sjå nummeret på den som ringer.

Svar: Nei, det er inga bindingstid for telefoniløysinga Enivest tilbyr.

Svar: Ja, du får kun ei telefonlinje. Enivest arbeider med å kunne tilby opptil to telefonlinjer, dette vil sannsynlegvis bli tilgjengeleg seinare.

Svar: Ynskjer du eit nytt telefonnummer så kan vi opprette dette kostnadsfritt. I slike tilfelle må du sjølv seie opp ditt gamle abonnement ved å ringe din leverandør. Vi kan også overføre ditt eksisterande telefonnummer. Abonnementet hos din tidligare leverandør seiast opp automatisk når vi overfører det eksisterande telefonnummeret til Enivest AS.

Svar: Ja, det kan du.

Svar: Nei, du må bruk ein vanleg analog telefon.

Svar: Nei, det er kun vanlege analoge telefonar som kan brukast.

Svar: Ja, dersom du har breiband frå Enivest i dag, eller skal skaffe deg breiband frå Enivest.

Svar: Ja, det kan du, men ver merksam på at enkelte andre IP-telefonileverandørar nyttar utstyr som ikkje fungerar utan at ADSL-modemet frå Enivest vert konfiguert for dette.

Om du ynskjer behalde ditt noverande telefonnr. ved overgang til breibandstelefon frå Enivest, vert ditt gamle abonnement automatisk sagt opp. Ver obs på eventuell bindingstid hos tidlegare leverandør. Du vil ved oppseiing av fasttelefonen og overgang til breibandstelefon få ein ekstra kostnad på breibandet ditt. Dette er linjeleige som Telenor skal ha for drift og vedlikehald av koparkabelen fram til deg. Kostnaden for dette er kr 78,- per månad.

Svar: Leveringstida avhenger om du skal portere ditt noverande nummer, eller om du skal ha eit nytt telefonnummer frå Enivest. Normal leveringstid ved portering vil vere inntil 4 veker, så sant du har breiband frå oss frå før. Dersom du også skal ha breiband må du rekne med litt lenger leveringstid på telefonidelen. Dersom du skal ha nytt nummer frå Enivest og har breiband frå Enivest frå før, så er normal leveringstid 2 veker.

Svar: Enivest har lagt stor vekt på å sikre kvaliteten på din breibandstelefon, både når det gjeld tenestas funksjonalitet, stabilitet og samtalekvalitet. I forhold til vanlig Internett-telefoni som ikkje kan kvalitetssikrast, er våre løysingar kvalitetssikra heilt frå din telefon til mottakar.

Då breibandstelefoni er ei teneste som leverast over breibandet, er den sjølvsagt avhengig av at internettsambandet fungerar som den skal. Store mengder datatrafikk over internett samstundes som ein ringer, kan påverke kvaliteten. Dersom det vert straumbrot eller linjeutfall på ADSL vil ikkje telefonen fungere. Vi gjer også merksam på at modemet er følsamt for lyn og bør koplast vekk under torever og når du reiser bort for ein periode.

Svar: Breibandstelefoni fungerar i praksis lik ein vanleg fasttelefon, men teknologien som ligg bak er forskjellig. Du nyttar vanlege analoge telefonapparat, men pluggar det i modemet du har mottatt frå Enivest i staden for i telefonuttaket i veggen.

Svar: Ja

Svar: Nei, det treng du ikkje. Du brukar telefonen på vanleg måte.

Svar: Ditt telefoniabonnement hjå Enivest inkluderar ei standard oppføring hjå alle dei kjende katalogtenestene. Denne vil vere på den som står som eigar av abonnementet hjå Enivest sjølv om telefonnummeret tidlegare var registrert på eit anna namn. Oppføringa i katalogtenesta gjeld sjølvsagt ikkje dersom du har reservert deg mot denne type oppføring.

Svar: Nei, når du velgjer breibandstelefoni frå Enivest treng du kun å forholde deg til Enivest som leverandør.

Svar: Nei, i veldig liten grad. Breibandstelefoni nyttar ein liten del (omlag 100 kbps) av linja di, men det vil i praksis ikkje vere merkbart ved vanleg nettbruk.

Svar: Ved vanleg surfing blir ikkje telefonen påverka, men dersom ein nyttar store delar av nedlasting- og opplastingskapasiteten kan dette i nokre tilfeller påverke telefonien.

Utskriftsvenleg versjon