Breiband

Kan eg behalde ISDN etter at eg har fått installert ADSL?
Kan eg få breiband frå Enivest?
Kan eg få breiband frå Enivest sjølv om eg ikkje har fasttelefon?
Kan eg seie opp telefonabonnementet mitt og kutte ut fasttelefon etter at ADSL er installert?
Kva koster det å få breiband frå Enivest?

Kan eg behalde ISDN etter at eg har fått installert ADSL?

Svar: Ja, det har ingenting å seie om du beheld ISDN-abonnementet etter at du har installert ADSL. Du kan også avslutte ISDN-abonnementet og gå over til vanlig analog telefon, ofte kan dette løne seg. Du kan også velje å ikkje ha fasttelefon i det heile, men det vil då tilkome kr. 78,- per månad for leige av linje utan fasttelefon. Ta kontakt med din telefonileverandør for å gjere endringar på ditt telefonabonnement.

Kan eg få breiband frå Enivest?

Svar:Enivest lyt kontrollere linja di før vi veit om vi kan levere breiband til din bustad då det kan vere ulike linjetekniske forhold som avgrensar leveransen. Ein føresetnad for at du kan bestille breiband hjå Enivest er at du har adresse i Sogn og Fjordane og at Enivest har bygd ut sentralen du er tilknytt på adressa di. Du kan kontrollere om Enivest har dekning i ditt område ved å sjå på dekningskartet vårt eller du kan bruke nummersøket vårt som ligg øverst i menyen til høgre.

Kan eg få breiband frå Enivest sjølv om eg ikkje har fasttelefon?

Svar: Ja, dette har ingenting å seie. Ver obs på at du lyt betale kr. 650,- for det ekstraarbeidet montøren lyt gjere for å få ADSL fram til deg. Det vert også eit tillegg for linjeleige på kr. 78,- per månad som Telenor tek for framføring av ADSL på koparkabel utan fasttelefon. Dette gjeld også dersom du har breibandstelefoni.

Kan eg seie opp telefonabonnementet mitt og kutte ut fasttelefon etter at ADSL er installert?

Svar: Ja, men då vil du få eit ekstragebyr på kr 78,- i linjeleige pr. mnd.

Kva koster det å få breiband frå Enivest?

Svar: Sjå våre tilbod her

Utskriftsvenleg versjon