Oppkopling

Eg kjem ikkje på internett, men DSL-lampa på modemet lyser normalt. Kva gjer eg?
Korleis går ein fram for å kople til fleire datamaskiner i nettverket?
Kva IP-adresse har Enivest sine DNS-tenarar?
Kvifor må eg vente til angitt dato med oppkopling når eg har fått utstyret?
Til kva klokkeslett blir mitt abonnement oppkopla i sentralen?

Eg kjem ikkje på internett, men DSL-lampa på modemet lyser normalt. Kva gjer eg?

Svar: Prøv å skru modemet av og på. Modemet brukar ca. 1 minutt på å starte opp igjen. Når DSL-lampa lyser normalt igjen, prøv å gå på internett. Dersom dette skjer ofte så er det nokre ytre påvirkningar som gjer at modemet sovnar. Desse påvirkningane kan kome frå ustabilt straumnett i huset, ustabilt nettverkskort i PCen eller ustabil spenning på telefonkabelen. Prøv å kople til ein annan PC, eller bytt nettverkskort i PCen, og sjå om problemet forsvinn. Dersom problemet vedvarer ta kontakt med Enivest kundeservice via skjemaet vårt her.

Korleis går ein fram for å kople til fleire datamaskiner i nettverket?

Svar: Dersom ein ønskjer å setje opp fleire datamaskiner i eit nettverk må ein ha ein hub eller svitsj for å kople saman datamaskinene og modemet. I ADSL modemet er det innebygd router funksjonalitet, og ein slepp dermed å kjøpe sin eigen router. I våre nye modem er det fleire LAN-utgangar på modemet. Ein kan da kople datamaskinene inn i kvar sin LAN-utgang.

Eventuelt kan ein og bruke trådlaus overføring, dette er og komt på våre nyare modem.

Kva IP-adresse har Enivest sine DNS-tenarar?

Svar: 62.50.161.166 og 217.149.113.30

Kvifor må eg vente til angitt dato med oppkopling når eg har fått utstyret?

Svar: Datoen som står oppgitt i velkomstbrevet er datoen ein teknikar vil kople om telefonlinja di i telefonsentralen slik at ADSL datastrømmen opnast og du kan kople til. Det er ikkje mulig å kople til med ADSL før linja er kopla om.

Til kva klokkeslett blir mitt abonnement oppkopla i sentralen?

Svar: Koblingsarbeid og klargjøring i sentral blir utført mellom kl. 07:30 og 16:00.

Utskriftsvenleg versjon