Hastighet

Kva hastighet kan eg forvente på breibandet mitt?

Svar: Forventa hastighet på ADSL kan variere fordi det er mange faktorar som kan verke inn for kva kapasitet som faktisk er oppnåeleg hjå deg. Ein av desse faktorane er avstand frå din bustad og fram til sentralen du er tilknytt. Nedanfor er eit rettleiande eksempel på kva maks hastighet som er forventa ved optimale forhold alt etter kva linjelengde du har.

Linjelengde frå sentral fram til din bustad Estimert maks hastighet
0-1000 meter Inntil 16 Mbps/1000 kbps
1000-1500 meter Inntil 14 Mbps/1000 kbps
1500-2000 meter Inntil 12 Mbps/800 kbps
2000-2500 meter Inntil 10 Mbps/800 kbps
2500-2800 meter Inntil 8 Mbps/800 kbps
2800-3000 meter Inntil 6 Mbps/650 kbps
3000-3300 meter Inntil 4,5 Mbps/550 kbps
Over 3300 meter Anbefalt å velje ADSL Standard eller Enkel Pluss produktet

Kva hastighet du faktisk opplever er også avhengig av kva yting du har på ditt utstyr, din PC, programvare som køyrer, og kablinga internt hjå deg. Dersom du nyttar anna nettverksutstyr (trådlaus ruter, hub, svitsj), anbefalar vi at du prøvar å kople vekk dette, slik at modemet er kopla direkte i PCen. Trådlaust utstyr reduserer som regel kapasiteten på linja, dette har med signalstyrken på utstyret å gjere.

Utskriftsvenleg versjon