Flytting

Kva skjer om eg flyttar og tar med meg ADSL abonnementet frå Enivest?
Kva skjer om eg flyttar til ein plass der Enivest ikkje kan levere breiband?

Kva skjer om eg flyttar og tar med meg ADSL abonnementet frå Enivest?

Svar: Så fremt du flyttar til ei adresse innanfor Enivest sitt dekningsområde kan du få flytta med abonnementet dit. Det tar normalt omlag 3-5 veker frå adressebytet er innmeldt Enivest til abonnementet er flytta. Dette fordi det må gjerast omkoplingar i telefonsentralen. Dersom du også skal ha fasttelefon på din nye adresse lyt du sjølv sørgje for at flytting/levering av denne vert gjort i god tid. Enivest får ikkje bestille oppkopling av breibandet på same linje utan at fasttelefonen er på plass. Pris for flytting av abonnement til ny adresse er Kr 995,-. Du kan melde inn flytting her.

Kva skjer om eg flyttar til ein plass der Enivest ikkje kan levere breiband?

Svar: Ved flytting til plass der Enivest ikkje kan levere vil dette bli å sjå på som ei oppseiing. Hugs at ein har 1 mnd. oppseiingstid, og det er difor lurt å melde frå om flytting i god tid. Dersom du har resterande bindingstid vil du bli faktuerert for brot på denne jf. våre vilkår.

Utskriftsvenleg versjon